Gressholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°53′05″N 010°43′15″E

Gressholmen og Nordre brygge på øya. Heggholmen fyr i bakgrunnen
Den tidlegare Gressholmen sjøflyhamn
Sikorsky «Valkyrien» flybåt på Gressholmen sjøflyhamn sommaren 1936. Flyet står på ei rampe som går ned til sjøen. Sjøen var «rullebana» der flya letta og landa.

Gressholmen er ei 0,135 km² stor øy i Indre Oslofjord i Oslo, sør for Hovedøya. Staten har vore eigar av øya sidan reformasjonen. Det finst nokre hytter på Gressholmen. Øya har passasjerferjesamband året rundt til Rådhusbrygge 4 på Rådhusplassen, der ferjene til øyane i Indre Oslofjord går frå. Før 21. mars 2015 gjekk båtane frå Vippetangen yst på neset som Akershus festning ligg på.

Oslos fyrste lufthamn, Gressholmen sjøflyhamn, opna på Gressholmen i 1927 med sjøen som «rullebane», og ferdafolket måtte ta båt ut dit for å reise med rutefly. Mykje av innretningane på sjøflyhamna ligg framleis intakt og vert no nytta som hamn og opplag for fritidsbåtar.

Gressholmen heng saman med Rambergøya og Heggholmen over smale eid, og dei tre øyane kan i mange samanhengar sjåast på som ei eining. Store delar av Gressholmen og heile Rambergøya er eit sams naturreservat, Gressholmen-Rambergøya naturreservat, skipa 2. oktober 1992. Berre ein liten part nordvest på Gressholmen er unnateke fredinga. Føremålet med fredinga er å teke vare på heile det marine gruntvassområdet kring desse øyane, med det plante- og dyrelivet som utspelar seg der, den særprega og artsrike vegetasjonen som den kalkhaldige grunnen på øyane gjev opphav til, dei geologiske tilhøva med verdfulle førekomstar av fossil, og dei spesielle førekomstane av virvellause dyr. Naturreservatet er på totalt 450 daa med sjø- og landareal, der den grunne bukta mellom Gressholmen og Rambergøya inngår som eit av dei viktigaste elementa i reservatet. Dette er ei strandeng og eit sumpområde med eit særs rikt og interessant plante- og fugleliv, ein rasteplass for trekkfugl og eit matfat for fugl som har tilhald i Indre Oslofjord. Gressholmen-Rambergøya naturreservat grenser til Heggholmen naturreservat.

Gressholmen er elles kjend for sine mange villkaninar, som vart freista utrydda då øya vart freda som naturreservat. Her finst òg ein rekkje badeplassar, inkludert ei naturiststrand (nakenbadingstrand), og Gressholmen kro, som er open i sommarhalvåret.

Det har vore skytebane på Gressholmen frå 1864. Lilleborg Fabriker bygde eit såpekokeri på Gressholmen-Heggholmen på slutten av 1800-talet, då stanken frå produksjonen var sjenerande for omgjevnadene på Sandaker inne i Oslo, der hovudfabrikken låg. Såpekokeriet var i drift til 1965.

Namnet på øya[endre | endre wikiteksten]

Namnet kan tyde på at øya har utmerka seg som slåttemark eller beite. Norskfilologen Gustav Indrebø, som ville nytte namnet Grasholmen på denne øya, meinte at Gressholmen «[...] kjem visseleg av ordet gras n., men det har vorte umlaga etter den danske ordformi græs. Der er ikkje so lite grasvokster på øyi.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gustav Indrebø: 'Stadnam fraa Oslofjorden : Aker herad og Oslo hamn, Bærum herad, Asker herad' i Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo II Hist.-Filos. Klasse. 1928. No. 5 attgjeve i faksimile på sidene 87-140 i boka til Tore Ness, Navn i fjorden : Oslo-Asker-Bærum, Oslo 2008: Orion Forlag AS ISBN 978-82458-0847-6. Sjå side 97 i denne boka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gressholmen