Ranveig Eckhoff
Ranveig Eckhoff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. februar 1950 (75 år) |
Yrke | journalist, skribent, operasongar |
Ektefelle | Morten Krogvold |
Ranveig Eckhoff (fødd 11. februar 1950) er ein norsk operasongar (sopran) og kulturjournalist. Den operatiske verksemda hennar har omfatta Noreg, såvel som Tyskland, Sverige og Italia.[1][2]
Liv og karriere
[endre | endre wikiteksten]Eckhoff er dotter av pianisten og musikkjournalisten Erik Holtermann Eckhoff (1920–2004) og journalisten Liv Dyrhaug (1919–2011), og syster til Dagfinn Eckhoff og kunstadministratoren Audun Eckhoff.
Eckhoff fekk grunnleggjande songaropplæring i NRKs pikekor under leiinga til Marie Foss. I 1963 studerte ho med Ingeborg Vorbeck (1894–1983) og i 1965 med Gunvor Mjelva på Musikkonservatoriet i Oslo. I 1966 deltok ho i det svenske TV-programmet Hylands hörna. Samstundes gjekk ho musikklinja på Nissens Jenteskole der ho vart instruert i Bess-rolla i Porgy and Bess av den første Bess-tolkaren, Anne Brown, ei oppsetning som òg vart teken på turné til Frankrike. Frå 1969 til 1973 gjekk Eckhoff på Musikdramatiska skolan (Operahögskolan) i Stockholm. Eckhoff er den yngste som er teken opp ved skulen.[3] Ho tok vidare studium ved Accademia Musicale di Chigiana i Siena og Britten-Pears Center for Advanced Musical Study i England.
Ho vart kjend ved Oscarsteatern i Stockholm med nesten to hundre framføringar i hovudrolla Hanna Glawari i Den glade enka, der ho spelte med Jarl Kulle (1974–75). Debuten i heimbyen kom i 1975, før ho vart tilsett ved nasjonalteateret i Mannheim (1977). Ho var ved Teatro Sistina i Roma (1983), og var med Kåre Bjørkøy sentral ved Kirsten Flagstad-jubileet (1985) med turné til USA.
Ho arbeidde to år ved Theater Ulm (1986–88) medan ho hadde spreidde opptredenar for Drammen Teater og Den Norske Operaen (1985–88), som Mimi i La Bohème, Violetta i La traviata og tittelrolla i Anne Pedersdotter av Edvard Fliflet Bræin. Ho har òg vore ved Theater des Westens i Berlin, og i Kaiserslautern som Ifgenia (Gluck) og i Den glade enka (1994). Sidan 2010 har ho vore skribent for The Huffington Post.[4]
Eckhoff var tidlegare gift med fotografen Morten Krogvold (1988-1995), som ho samarbeidde med om utstillingar og bokutgjevingar, som reiseskildringa Italienske løyndomar (2002). Mellom 1968 og 1985 var ho sambuar med Thorleif Schjelderup, og medverka på hans filmproduksjonar.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- I'll take you there (Norway Music Productions, 1986). Verker av Edvard Grieg og Øistein Sommerfeldt, arrangert av Bjørn Kruse
- Mens månen stiger (1992).
- Bingoplassen (1992). 17 min. kortfilm av Pål Sletaune som Eckhoff koreograferte. Prisløna.
- Ranveig Eckhoff (1994). Arie. Tiden forlag. [Roman fra operamiljøet. Oversatt til tysk som Sing, nachtigall, sing (Fischer, 1997)]
- Italienske Hemmeligheter (Press, 2002). Reiseskildering. Med fotograf Morten Krogvold.
- Sisters (2008). Omsetjing av amerikansk romanserie av C. B. Lessman.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ranveig Eckhoff i Maud Hurums operaarkiv.
- ↑ Ranveig Eckhoff i Store norske leksikon.
- ↑ Kari Bremnes, Sopranen som vil styre seg selv i Aftenposten (19.3.1990)
- ↑ «Ranveig Eckhoff». The Huffington Post.
- Denne artikkelen bygger på «Ranveig Eckhoff» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2021.