Raudtoppfuglekonge
Raudtoppfuglekonge | |
Raudtoppfuglekonge | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Raudtoppfuglekonge | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Regulidae |
Slekt: | Fuglekongar Regulus |
Art: | Raudtoppfuglekonge R. ignicapilla |
Vitskapleg namn | |
Regulus ignicapilla |
Raudtoppfuglekonge (Regulus ignicapilla) er ein fugl i fuglekongefamilien. Han liknar fuglekongen, men er meir olivengrøn på ryggen, og har kvit strek gjennom augnebrynet. Issestripa til hannane er meir oransjeraud enn fuglekongen si, derav namnet raudtopp. Fuglen er den nest minste i Europa, etter fuglekongen - han blir 9 til 10 cm lang.
Raudtoppfuglekongen hekkar i Mellom- og Sør-Europa, Tyrkia og Nord-Afrika. I Noreg er han ein sjeldan gjest, og då oftast under trekket om våren eller hausten. I 2003 har fuglen vorte observert til saman 53 gonger her i landet, men har gjesta Danmark og Sverige noko oftare. Fuglen er rastlaus, stadig på jakt etter insekt.
Eit takson under slekta Regulus på Madeira blir av somme sett på som ein underart av raudtoppfuglekonge, men andre gjev taksonet status som eigen art; Regulus madeirensis. Arten har enno ikkje fått norsk namn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Engelsk wikipedia om raudtoppfuglekonge.
- Store Norske Leksikon om fuglen. Forfattar: Per Ole Syvertsen.