Ready Teddy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ready Teddy
Singel av Little Richard
frå albumet Here's Little Richard
A-side «Rip It Up»
Utgjeve Juni 1956
Sjanger Rock and roll
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) John Marascalco, Robert Blackwell
Produsent Robert Blackwell
Little Richard-kronologi
«Long Tall Sally» med «Slippin' and Slidin'»

(1956)

Ready Teddy «She's Got It» med «Heeby-Jeebies»

(1956)


«Ready Teddy» er ein song skriven av John Marascalco og Robert Blackwell, og vart først gjort populær av Little Richard i 1956.[1]

Han har sidan blitt spelt av Buddy Holly, The Tornados, Elvis Presley, Tony Sheridan og andre og er ein rock and roll-standard. «Ready Teddy» er ein livleg rock and roll-song. Han vart mest kjend den 9. september 1956 då Elvis Presley framførte han for 60 millionar sjåarar under si første førestilling på The Ed Sullivan Show på CBS. 82,6 % av sjåarane i USA såg sendinga, den største sjåarandelen i amerikansk fjernsynshistorie. Songen vart seinare nytta i Federico Fellini-filmen La Dolce Vita (1960) i ein versjon av den italienske rockaren Adriano Celentano.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marcus, Greil. «6». Like a Rolling Stone: Bob Dylan at the Crossroads. ISBN 978-1586483821. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]