Long Tall Sally

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Long Tall Sally»
Singel av Little Richard
frå albumet 'Here's Little Richard'
B-side «Slippin' and Slidin'»
Utgjeve Mars 1956
Innspelt 10. februar 1956, i J&M Studio
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:10
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) Enotris Johnson, Robert Blackwell, Richard Penniman
Produsent Bumps Blackwell
Little Richard-kronologi
«Tutti Frutti»
(1955)
«Long Tall Sally» «Rip It Up»
(1956)
«Long Tall Sally»
Singel av The Kinks
B-side «I Took My Baby Home» (R. Davies)
Utgjeve 7. februar 1964
Innspelt 24. januar 1964 i Pye Studios (No .1), London
Sjanger Beat
Selskap Pye 7N15611 (UK)
Cameo 308 (US)
Låtskrivar(ar) Enotris Johnson, Robert Blackwell, Richard Penniman
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi
--- «Long Tall Sally» «You Still Want Me»
(1964)

«Long Tall Sally» er ein rock and roll-song skriven av Robert «Bumps» Blackwell, Enotris Johnson og Richard Penniman (kjend som Little Richard), og spelt inn av Little Richard. Songen vart gjeven ut som singel i mars 1956 på Specialty Records.

B-sida var «Slippin' and Slidin'». Begge songane vart seinare gjevne ut på albumet Here's Little Richard (Specialty, mars 1957). Singelen nådde førsteplassen på rhythm and blues-lista i USA, og låg på Topp 6 i 19 veker.[1] Songen vart plassert på 56. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[2]

Han vart ein av dei mest kjende hitane til Little Richard og har vorte ein rock and roll-standard som er spelt av mange hundre andre artistar.[3]

Songen vart opphavleg kalla «The Thing».[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Tutti Frutti» hadde vore ein stor hit for Little Richard i oktober 1955, og nådde andreplassen på R&B-lista. Utgåva til Pat Boone nådde førsteplassen på pop-lista. Sjølv om dette var ei uventa inntektskjelde for både selskapet Specialty og ein stolt Richard, valde han å skrive ein song som var så rask at Boone ikkje ville klare å spele han (Boone spelte likevel inn ei utgåve som nådde åttandeplassen).[1]

I følgje Blackwell vart han introdusert for ei jente som heitte Enortis Johnson av Honey Chile, ein populær DJ. Johnson hadde visstnok skrive songen for at Little Richard skulle spele han, slik at ho kunne betale behandlinga til den sjuke tanta hennar Mary. Songen hadde mellom anna tekstlinjene:

Saw Uncle John with Long Tall Sally
They saw Aunt Mary comin'
So they ducked back in the alley

Linja «ducked back in the alley» var akkurat det Richard var på utkikk etter, og han øvde på denne linja så han kunne synge ho så raskt som mogeleg.[5]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av songen fann stad 10. februar 1956 ved J&M Studio i New Orleans. Med på songen var studiomusikarane Edgard Blanchard (gitar), Frank Fields (bass), Lee Allen (tenorsaksofon), Alvin «Red» Tyler (baritonsaksofon) og Earl Palmer (trommer), samt Little Richard på vokal og piano. Blackwell var produsent.

Musikken var rask med Little Richard som hamrar laus på pianoet. Richard spelte staccato oktavtonar, medan Palmer spelte ein rask shuffle. Little Richard song songen i ein særs høg toneart (F) med hans rå, aggressive og muntre stil.[3]

Well, Long Tall Sally,
She's built for speed,
She's got everything that Uncle John needs.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte ein vill versjon der Paul McCartney syng songen i G, ein heil tone høgare enn Richard i eit forsøk på overgå meisteren. The Beatles turnerte med Little Richard som oppvarmingsband i England og i Hamburg tidleg i 60-åra og vart vener med han. Han lærte dei, og særleg McCartney, eit par syngetriks. Den kjende 'oooh'-inga i «She Loves You» og andre Beatles-songar kom direkte frå dei tilsvarande lydane i «Long Tall Sally» og var eit av varemerka til Little Richard.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Long Tall Sally». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/news/story/6595901/long_tall_sally. 
  2. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/11028260/the_rs_500_greatest_songs_of_all_time/1. 
  3. 3,0 3,1 Gillett, Charlie (1996). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll ((2nd Ed.) ed.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 26. ISBN 0-306-80683-5. 
  4. The Beatles - Long Tall Sally
  5. White, Charles (2003). The Life and Times of Little Richard. The Authorised Biography. London. ss. 60–62. ISBN 0-7119-9761-6. 


57:
 «A Whiter Shade of Pale» 
Procol Harum
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
56

Little Richard – «Long Tall Sally»

55:
 «Louie Louie» 
The Kingsmen