Slippin' and Slidin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slippin' and Slidin' (Peepin' and Hidin')
Song av Little Richard
Utgjeve Mars 1956
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:10
Selskap Specialty (SP-572-45)
Låtskrivar(ar) Richard Penniman (Little Richard), Edwin Bocage (Eddie Bo), Al Collins, James Smith
Produsent Robert Blackwell

«Slippin' and Slidin' (Peepin' and Hidin')» er ein R&B/rock 'n' roll-song framført av Little Richard. Låtskrivarane som var oppført var Little Richard, Edwin Bocage (Eddie Bo), Al Collins og James Smith.[1]

Al Collins spelte først inn songen som «I Got the Blues for You», så endra Eddie Bo songen i 1956 og kalla han «I'm Wise». Innspelinga til Bo kom ut som singel på Apollo Records.[2][3] Little Richard endra litt på songen same året og nytta tittelen «Slippin' and Slidin'». Versjonen hans kom ut på debutalbumet hans, Here's Little Richard.[4] Han spelte inn fleire versjonar for Specialty fram til februar. I 1956-versjonen vart gjeven ut som B-sida til «Long Tall Sally». Richard spelte inn songen igjen for Vee Jay i 1964 og Modern i 1965 (live). Ein annan versjon kom ut på ein Modern-singel, og ein trur denne kom frå ei innspeling for Vee Jay.

«Slippin' and Slidin'» var tiittelen på ein song skriven av Maxwell Davis og framført av Calvin Boze and His All Stars, og kom ut i mai 1951 på Aladdin Records (3086).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg spelte The Band ein konsertversjon av songen i dokumentarfilmen Festival Express.

The Adventures of Super Mario Bros. 3 inneheld ein versjon av songen i episoden «The Beauty of Kootie».

Songen vert nytta i filmane The Delinquents (1989) og Casino (1995).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]