Reinhold Bachler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinhold Bachler
Reinhold Bachler.jpg
Fødd 26. desember 1944
Eisenerz
Yrke skihoppar, skihopptrener
Reinhold Bachler på Commons

Reinhold Bachler (fødd 26. desember 1944) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Eisenerz i Steiermark. Han vann olympisk sølvmedalje i normalbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. Året før sette han verdsrekord i skiflyging med 154 meter i Vikersundbakken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bachler vart lagt merke til internasjonalt då han i 1966 kom på fjerdeplassen under hopprennet i Lahti. Under verdsmeisterskapen i Holmenkollbakken same sesongen vart han nummer tolv. Han kom på sjuandeplass i Holmenkollrennet 1967, og overraska stort då han straks etter i Vikersundbakken smelte til med 154 meter og forbetra den eittårgamle verdsrekorden i skiflyging, tilhøyrande Lars Grini, med fire meter.

Året etter tok Bachler sølv i normalbakkerennet under [[Nordiske greiner under OL i Grenoble, Jiří Raška frå Tsjekkoslovakia vann rennet. Bachler deltok kvart år i den tysk-austerrikske hoppveka, men presterte heile tida svært ujamt. To gongar kom han på pallen, begge i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen (1967 og 1968).

Fyrste halvdelen av 1970-åra makta ikkje Bachler å hevde seg mot den ypparste verdseliten. I 1975 kom han på tredjeplass i Lahti, eit renn som hans landsmann Karl Schnabl vann. Bachler måtte vente til 1975/76 før han atter kunne stige på sigerspallen den tysk-austerrikske hoppveka, han vart då nummer tre i renna i Oberstdorf og i Innsbruck, og han vart og nummer tre samanlagt i hoppveka. Det var fyrste gongen han plasserte seg mellom dei ti beste i ei hoppveke, året etter vart han samanlagt nummer åtte, i si siste hoppveke.

Under vinter-OL 1976, på austerriksk snø i Innsbruck, hoppa Bachler for Austerrike i begge bakkane, og kom frå det med ein femteplass og ein sjetteplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar