Rosentanagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rhodinocichla)
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosentanagar

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av René-Primevère Lesson, 1831
Illustrasjon av René-Primevère Lesson, 1831

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Rhodinocichlidae
Slekt: Rhodinocichla
Art: R. rosea
Namn på andre språk
  • Engelsk: Rosy thrush-tanager
  • Vitskapleg namn
    Rhodinocichla rosea

    Rosentanagar (Rhodinocichla rosea) er ein fugleart i den for tida monotypiske biologiske slekta Rhodinocichla. Han var tidlegare lista innanfor familien Thraupidae, tanagarar, og vart nyleg sett på som usikkert plassert.[1] Ein molekylærstudie i 2015 plasserer han nærast lappsporvfamilien, Calcariidae.[2] Leveområde finst i Sentral-Amerika og i nordlegaste Sør-Amerika.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Rosentanagaren er ca. 20 cm lang og 43–52 gram i kroppsvekt.[3] Hannen er ein iaugefallande fugl med lang, bøygd stripe frå nebbrota, over auget og ned mot nakken, rosa over auget og gradvis kvit bakover. Dei øvre delane av fjørdrakta er mørke, nær svarte, flankane er mørkegrå og undersida er magenta, samt framkanten av vengene. Hoa er generelt lik hannar, men rosa-magentafarga er erstatta av ei djup okerfarge. Nebbet er langt og svakt bøygd, liknande nebbet hos ein spottefugl.[4]

    Utbreiinga i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika inkluderer ei stripe langs vestlege Mexico, delar av Panama og litt inn i Costa Rica, nordvestlege Venezuela og avgrensa område i sentrale og nordlegaste Colombia. Typisk habitat er tjukk undervekst i lauvskogar, sekundær skog, tjukk krattskog. Dei finst hyppigast i nedste skråningar mot fjellsider ved høgder varierande mellom 500 og 1500 moh.[4]

    Rosentanagarar lever vanlegvis einskildvis eller parvis. Dei spring snøgt blant låg undervekst eller hoppar nede på bakken, og snur på nedfallslauv med nebbet. Dette er ein skjerr, ganske lite synleg fugl, og vanskeleg å observere, men det svarar godt viss ein speler av lydopptak av songen. Songen er ei fyldig følgje av klåre tonar, somme gonger i duett, to fuglar vekslar i lætet.[4] Kosthaldet er ei blanding av animalsk og vegetabilsk material. Hekkinga finn stad i juli i Mexico og mellom januar og september i Costa Rica.[3]

    Populasjonen er estimert til å ligge mellom 20 000 og 50 000 individ og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[5]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. «ITIS Report: Rhodinocichla». Integrated Taxonomic Information System. Henta 5 August 2014. 
    2. Barker, F. K.; Burns, K. J.; Klicka, J.; Lanyon, S. M.; Lovette, I. J. (April 2015). «New insights into New World biogeography: An integrated view from the phylogeny of blackbirds, cardinals, sparrows, tanagers, warblers, and allies». The Auk 132 (2): 333–348. doi:10.1642/AUK-14-110.1.  (see Fig. 1, 3rd panel)
    3. 3,0 3,1 Hilty, S. (2017) Rosy Thrush-Tanager (Rhodinocichla rosea) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. oktober 2017
    4. 4,0 4,1 4,2 Ridgely, Robert S.; Guy, Tudor (1989). The Birds of South America: Volume 1: The Oscine Passerines. University of Texas Press. s. 317. ISBN 978-0-292-70756-6. 
    5. BirdLife International (2017) Species factsheet: Rhodinocichla rosea. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. oktober 2017

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rosentanagar