RiddoDuottarMuseat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
RiddoDuottarMuseat
Org.nummer989999192
LeiarAnne May Olli

RiddoDuottarMuseat (RDM) er ei museumsstifting og konsolidering av fire samiske museum og eit samisk kunstmagasin i Vest-Finnmark. Stiftinga blei skipa i 2007, med hovudadministrasjon i Karasjok. Stiftinga forvaltar den største kulturhistoriske samlinga av samiske gjenstandar i Noreg. Hovudspråket til stiftinga er nordsamisk.[1]

Museet har fem avdelingar: De Samiske Samlinger i Karasjok, Kautokeino bygdetun i Kautokeino, Porsanger museum i Lakselv i Porsanger, Kokelv sjøsamiske museum i Kokelv i Hammerfest kommune og Samisk Kunstmagasin i Karasjok.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om Riddoduottarmuseat», rdm.no (på norsk bokmål), henta 22. april 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]