Riders on the Storm
Riders on the Storm Singel av The Doors frå albumet L.A. Woman | ||
B-side |
«The Changeling» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1971 | |
Innspelt | Desember 1970 - januar 1971 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, bluesrock, jazz-fusion, acidrock | |
Lengd | 7:10 (album) 4:35 (singel) | |
Selskap | Elektra Records | |
Tekstforfattar | Ray Manzarek | |
Låtskrivar(ar) | Jim Morrison Robby Krieger Ray Manzarek John Densmore | |
Produsent | Bruce Botnick The Doors Joey Levins | |
The Doors-kronologi | ||
«Love Her Madly» (1971) |
Riders on the Storm | «Tightrope Ride» (1971)
|
«Riders on the Storm» er ein song av The Doors frå albumet L.A. Woman i 1971. Han nådde 14. plass på Billboard Hot 100 i USA og 22. plass på den britiske singellista. I Nederland gjekk han til 7. plass.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]I følgje bandmedlem Robby Krieger var dei inspirert av songen «(Ghost) Riders in the Sky: A Cowboy Legend». songen vert spelt i E dorisk skala, og nyttar lydeffektar av torevêr og regn, i tillegg til Ray Manzarek sitt Fender Rhodes elektriske piano som spelar og etterliknar lyden av regn.[1]
Songen vart spelt inn i Doors Workshop i desember 1970 med produsent Bruce Botnick. Jim Morrison spelte inn hovudvokalen og kviskra så teksten over dei for å skape ein ekkoeffekt. Dette var den siste songen dei fire medlemmane av The Doors spela inn i lag, samt den siste innspelte songen til Morrison som vart gjeven ut. Singelen kom ut i 1971, kort tid før Morrison døydde.
Den tidlegare produsenten til The Doors, Paul Rothchild, forlet innspelingane fordi han ikkje likte albumet og denne songen, som han kalla «cocktailmusikk». Lydteknikaren Bruce Botnick tok då over som produsent.
Trommeslagaren i bandet John Densmore skreiv i 1990 ei bok kalla Riders On The Storm om livet sitt og perioden hans i The Doors.
I november 2010 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame i kategorien Rock.
Den einaste gongen songen vart spelt på konsert med Jim Morrison var den 11. desember 1970 i Dallas i Texas.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[10] | Sølv | 200,000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Annabel Lamb spelte songen i 1983 og nåded 23. plass på NME-lista i Storbritannia.
- Brutal Bill sampla mykje av songen på sin «Woman Of Angels» i 1998.
- The Jacka sampla det meste av songen i 2008 for songen «Storm».
- Creed spela songen i 2000 for albumet Stoned Immaculate.
- Infected Mushroom remiksa songen for Legend of the Black Shawarma.
- Nightmares on Wax remiksa songen for The best of the doors frå 2002.
- Snoop Dogg spela songen i 2003 for spelet Need for Speed: Underground 2, i ein remiksa versjon produsert av Fredwreck.
- Dancing Fantasy spela songen i 1991 på albumet California Grooves.
- Blondie gav ut ein mashup-versjon av songen i 2004 kombinert med deira eigen «Rapture» frå 1981.
- Dezperadoz spela songen i 2008 for albumet An Eye for an Eye.
- Wolfmother spela songen live på Outside Lands 2010, blanda med sin eigen «The White Unicorn».[11]
- Carlos Santana spela songen i 2010 for albumet Guitar Heaven: The Greatest Guitar Classics of All Time. Denne versjonen har med Chester Bennington (frå Linkin Park) på solovokal og Ray Manzarek (frå The Doors) på klaverinstrument, som han gjorde på originalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Riders on the Storm» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.songfacts.com/detail.php?id=273
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 28. juli 2013.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Doors – Riders on the Storm" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. juli 2013.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – The Doors search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 28. juli 2013.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «'Riders On The Storm' | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 3. august 2019.
- ↑ «The Doors Riders On The Storm Chart History | Hot 100». Billboard. Eldridge Industries. 4. september 1971. Henta 19. februar 2018.
- ↑ Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 75.
- ↑ «CASH BOX Top 100 Singles». Cashbox Magazine, Inc. Henta 2010-02-28.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Riders on the Storm". Irish Singles Chart. Retrieved 19. januar 2018.
- ↑ «British single salstrofé – Doors – Riders on the Storm». British Phonographic Industry. Henta 1. februar 2019. Enter Riders on the Storm in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ http://www.covermesongs.com/2010/08/consequence-of-sound-presents-best-fest-covers.html
- Singlar frå 1971
- Songar frå 1971
- The Doors-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar skrivne av John Densmore
- Songar skrivne av Robby Krieger
- Songar skrivne av Ray Manzarek
- Songar skrivne av Jim Morrison
- Songar produserte av Bruce Botnick
- Elektra Records-singlar
- Mordballadar
- Creed-songar
- Snoop Dog-songar
- Blondie-songar
- Carlos Santana-songar
- Simple Minds-songar