Full Circle av The Doors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Full Circle
Studioalbum av The Doors
Utgjeve 15. august 1972[1]
Innspelt Våren 1972
Studio A&M Studios, Hollywood, California[2] using a professional 16-track machine
Sjanger Funkrock, jazzrock
Lengd 40:05
Selskap Elektra
Produsent The Doors
The Doors-kronologi
Other Voices
(1971)
Full Circle An American Prayer
(1978)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
Christgau's Record GuideC[4]
Classic Rock4/10[5]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
(combined score for Full Circle
and Other Voices)

Full Circle er det åttande studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doors, gjeve ut i august 1972. Det var det andre albumet deira etter at Jim Morrison døydde, og det siste før An American Prayer i 1978. Albumet inneheld «The Mosquito», den siste Doors-singelen som gjekk inn på singellista.

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Det første albumet deira utan Jim Morrison, Other Voices frå 1971, hadde nådd 31. plassen på Billboard-lista og vart ein moderat suksess, særskild med tanke på det store tapet Morrison var for bandet. Bandet, som no var ein trio med klaverspelaren Ray Manzarek, gitaristen Robby Krieger og trommeslagaren John Densmore, valte å spele inn Other Voices i øvingslokalet deira kalla The Workshop, der dei òg hadde spelt inn L.A. Woman, men for Full Circle valte dei å dra til A&M Studio i Hollywood. Medan Other Voices til ei viss grad var eit framhald av innspelingane for L.A. Woman (somme av songane var blitt arbeidd på før Morrison drog til Paris), var Full Circle eit enkeltståande album der bandet grov seg djupare ned i jazzen og arbeidde med dyktige studiomusikarar. Bruce Botnick, som hadde vore lydteknikar på alle Doors-albuma fram til då og vore medproduent på både L.A. Woman og Other Voices, ønskte ikkje å delta på innspelingane. I 2015 innrømde han for Uncut at han ikkje kunne hugse om han vart spurt å kome med eller ikkje, men hevdar han uansett ville ha takka nei.

The Doors henta inn Henry Lewy for å erstatte Botnick, som igjen tok med seg Charles Lloyd og ei rekkje studiomusikarar. Lloyd spelte tenorsaksofon og fløyte på songane ,og spelte med bandet i Central Park og Hollywood Bowl. Som på Other Voices var det Manzarek og Krieger som song vokal, i lag med korvokalistar. Sjølv om begge albuma deira etter Morrison vert rekna som uviktige for Doors-fansen, skapte Full Circle ein global hit for bandet: «The Mosquito». I eit intervju med Uncut i 2015 sa Krieger:

«Eg var på ferie i Mexico, og desse tre lokale musikarane kom ned frå åsane. Dei song mariachi-ting og dei hadde denne songen om ein mygg som inspirerte meg. Det var faktisk den største hitten vår etter Jim døydde fordi han var på spansk og gjorde det særs godt verda over. Ikkje berre i latinske land, men òg i Europa. Faktisk har han fleire coverversjonar, og somme av dei er ganske bra. »

Full Circle synte at bandet framleis utvikla seg musikalsk med den latinske blandinga i «The Piano Bird» og den komplekse funken på «Verdilac,» men spaninga i bandet auka mellom Manzarek, som ønskte å utforske jazz, og Densmore og Krieger, som ønskte å halde seg til rock. «Ray sa berre til slutt, 'Sjå her, eg dreg, eg er lei av dette, det fungerer ikkje,'» fortalte Krieger til Uncut i 2015. «Så me gav opp. John og eg prøvde å få det til å fungere. Ville me ha halde fram? Ja, heilt sikkert.»

I 1972 gav The Doors ut singelen «Get Up and Dance» i Storbritannia. B-sida, «Treetrunk», var ikkje med på albumet. I følgje Krieger vart ikkje songen med på albumet fordi han høyrdest altfor kommersiell ut.[7] Songen vart til slutt gjeven ut på ny som ein del av den japanske utgåva av ein singelboks med The Doors i 2013.[8]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Full Circle kom ut 15. august 1972 og nådde 68. plassen på Billboard-lista. AllMusic skreiv «Sjølv om det unekteleg er nokre merkverdige spor spreidde rundt på albumet, er Full Circle i aukande grad sporadisk og mindre fokusert enn føregangarane» og meinte at høgdepunktet på albumet var «den neste fire minuttar jammen på slutten. Det lidenskapelege orgelet til Manzarek, den innvikla takten til Densmore og det oversanselege strengjearbeidet til Krieger er alle verdt å nemne sidan intensiteten i samspelet deira går attende til tidlegare stordom.»[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Get Up and Dance»  Krieger, Manzarek 2:26
2. «4 Billion Souls»  Krieger 3:18
3. «Verdilac»  Krieger, Manzarek 5:40
4. «Hardwood Floor»  Krieger 3:38
5. «Good Rockin»  Roy Brown 4:22
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «The Mosquito»  Densmore, Krieger, Manzarek 5:16
7. «The Piano Bird»  Conrad, Densmore 5:50
8. «It Slipped My Mind»  Krieger 3:11
9. «The Peking King and the New York Queen»  Manzarek 6:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doors

Andre musikarar

  • Chico Batera - Perkusjon på «Piano Bird» og «The Peking King and the New York Queen»
  • Jack Conrad - bass på «4 Billion Souls», «Good Rockin», «The Piano Bird» og «The Peking King and the New York Queen»
  • Chris Ethridge - bass på «Get Up and Dance»
  • Venetta Fields - vokal
  • Bobbye Hall - perkusjon på «Verdilac», «The Piano Bird» og «The Peking King and the New York Queen»
  • Clydie King - vokal
  • Charles Larkey - bass på «Verdilac» og «The Piano Bird»
  • Charles Lloyd - tenorsaksofon på «Verdilac»
  • Melissa MacKay - vokal
  • Leland Sklar - bass på «Hardwood Floor», «The Mosquito» og «It Slipped My Mind»
Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Billboard (USA)

År Liste Plassering
1972 Pop Albums 68[9]
Singlar
År Singel Liste Plassering
1972 «The Mosquito»
B-side: «It Slipped My Mind»
Pop Singles 85[10]
1972 «Get Up and Dance»
B-side: «Treetrunk»
UK Pop Singles 84[11]
1972 «The Piano Bird»
B-side: «Good Rockin»
Pop Singles

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Doors - Full Circle». thedoors.com. Arkivert frå originalen 29. desember 2014. Henta 17. februar 2015. 
  2. Full Circle: Liner notes
  3. 3,0 3,1 Full Circle av The DoorsAllmusic
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 3. august 2019 – via robertchristgau.com. 
  5. Barton, Geoff (August 2015). «The Doors Full Circle / Other Voices». Classic Rock. s. 105. 
  6. Bell, Max (September 2015). «The Doors – Other Voices/Full Circle». Record Collector. Henta 3. august 2019. 
  7. «The Robby Krieger interview». 
  8. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2013-10-29. Henta 28. oktober 2013. 
  9. Full Circle av The DoorsAllmusic
  10. Whitburn, Joel. The Billboard Hot 100 Annual 1955–2005. Menomonee Falls: Record Research, 2006.
  11. «Other Voices/Full Circle». PopMatters. Henta 17. februar 2015.