Morrison Hotel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Morrison Hotel
Studioalbum av The Doors
Utgjeve 9. februar 1970
Innspelt August 1966, mars 1968, november 1969 til januar 1970
Studio Elektra Sound Recorders i Los Angeles
Sjanger
Lengd 37:47
Selskap Elektra
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi
The Soft Parade
(1969)
Morrison Hotel Absolutely Live
(1970)


Singlar frå Morrison Hotel
  1. «You Make Me Real/Roadhouse Blues»
    Utgjeve: Februar 1970

Morrison Hotel er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 9. februar 1970 på Elektra Records. Etter at dei brukte blåsarar og strykarar etter råd frå produsenten Paul A. Rothchild på det førre albumet deira, The Soft Parade, gjekk bandet attende til den opphavlege bluesrockstilen og albumet vart stort sett rekna som at bandet vart attende i form. The Doors gjekk inn i Elektra Sound Recorders i Los Angeles i november 1969 for å spele inn albumet, der kvar plateside fekk sin eigen tittel: «Hard Rock Cafe» og «Morrison Hotel». Gruppa hadde med seg studiobassistane Lonnie Mack og Ray Neapolitan på songane.

Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og gjord det betre i utlandet enn det føregåande albumet, og vart den høgaste plaseringa deira på albumlista i Storbritannia, der det nådde 12. plassen. Singelen «You Make Me Real»/«Roadhouse Blues» nådde 50. plassen som ei dobbel A-side i mai 1970 på Billboard 100-lista. Biletet på plateomslaget vart teken av Henry Diltz.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

1. mars 1969 var Jim Morrison full på scenen og skal ha blotta seg føre nesten 12 000 publikummarar i Dinner Key Auditorium i Coconut Grove i Florida, og han vart sikta for dette 4. april.[1] Hendinga gav bandet negativ publisitet og sette i gang ein «Marsj for sømmelegheit» ved Miami Orange Bowl.

Dermed vart 25 konsertar på den neste turneen deira avlyste, og platene deira vart svartelista frå radio. Densmore meinte dei tapte «ein million dollar i konsertar.»[2] Likevel fekk bandet gradvis attende momentet sitt då dei heldt 18 konsertar i tolv byar gjennom resten av året, inkludert Toronto Rock and Roll Revival og dei einaste konsertane deira i Las Vegas og Mexico City.[3] I juli gav The Doors ut det fjerde albumet sitt, The Soft Parade, som var tungt orkestrert med blåsarar og strykarar. Etter Miami-hendinga, byta Morrison ut sceneantrekket sitt i lær, til fordel for eit vanlege antrekk, og han fekk skjegg og la på seg då han prøvde å leve ut imaget som «Lizard King». Men eit stadig verre alkoholproblem undergravde ofte forsøka hans.

I november, kring samstundes med at bandet byrja å spele inn Morrison Hotel med produsenten Paul A. Rothchild, skapte ein full Morrison så mykje bråk på eit fly til Phoenix i Arizona for å sjå ein Rolling Stones-konsert at han vart sikta etter ei ny flykapringslov med ei strafferamme på opp til 10 000 dollar i bot og ei fengselsstraff på ti år.[2]

Innnspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Morrison Hotel gjekk attende til det grunnleggjande for bandet, hovudsakleg fordi dei var misnøgde med dei lange innspelingane for The Soft Parade, som tok ni månader å spele inn og kosta 86 000 amerikanske dollar, langt meir enn tidlegare Doors-album.[2] Bandet hadde òg fått mykje dårleg kritikk for plata. På dette albumet styrte dei meir mot blues, som dei kom til å utforske ytterlegare på det neste albumet, L.A. Woman. Morrison Hotel vart spelt inn mellom november 1969 og januar 1970 med unntak av «Indian Summer», som vart spelt inn i august 1966 under innspelingane av The Doors og «Waiting for the Sun», som vart spelt inn i mars 1968 under innspelinga av det tredje albumet. «Queen of the Highway» var tidlegare blitt spelt inn i eit meir jazzaktig arrangement (med Harvey Brooks på bass) under innspelinga av The Soft Parade, medan «You Make Me Real» var ein av dei tidlegaste songane Morrrison skreiv, datert til 1966.[4]

Sjølv om Morrison Hotel ikkje hadde store hitsinglar, inneheldt det nokre av dei mest populære songane til bandet, som «Roadhouse Blues» og «Peace Frog», som vart mykje spelte på classic rock-radio. «Roadhouse Blues» tok to dagar å spele inn (4. og 5. november 1969) der Paul Rothchild prøvde å oppnå perfeksjon. Fleire opptak frå desse innspelingane vart gjevne ut på den ommastra utgåva av albumet i 2006, der Morrison gjentok uttrykket «Money beats soul» om att og om att. Innspelinga tok av den andre dagen, då den dugande bluesgitaristen Lonnie Mack (som òg var på Elektra Records) kom med på bass og den tidlegare frontmannen i Lovin' Spoonful, John Sebastian (som spelte under pseudonymet G. Puglese anten fordi han var under kontrakt med Reprise Records[5] eller for å unngå å bli knytt til bandet etter Morrison vart arrestert i Miami) kom med på munnspel. I løpet av innspelinga byta klaverspelaren Ray Manzarek frå Wurlitzer elektrisk piano til eit spikerpiano som tidlegare var nytta av The Beach Boys på «Good Vibrations».[6]

Riffet på «Peace Frog» er ein forvrengd G5-akkord spelt tre gonger av Krieger, etterfølgd av ein kort, perkussiv wah-wah-effekt. Morrison, som henta teksten frå ei notatbok kalla Abortion Stories, byrja kvar linje med ordet «blood», som «Blood in the streets...». Etter eit kort musikalsk mellomspel kjem ein gitarsolo og eit talt vers («Indians scattered on dawn's highway bleeding...»). Songen endar med ein siste akkord som glir over i neste spor, «Blue Sunday». Linja «Indians scattered on dawn's highway bleeding/Ghosts crowd the young child's fragile eggshell mind» kjem frå «Dawn's Highway», eit dikt der Morrison skildrar ei overnaturleg hending som skal ha skjedd då han var barn.

«The Spy» og «Queen of the Highway» omhandlar det intense, men problemfylte forholdet mellom Morrison og kjærasten Pamela Courson. Opphavleg vart «The Spy» kalla «Spy in the House Of Love», som var ei linje lånt frå romanen A Spy in the House of Love, av Anaïs Nin frå 1954. Begge songane er farga av ambivalens. På «The Spy» åtvarar Morrison «I know your deepest, secret fears,» medan han på «Queen of the Highway» på spottande vis konkluderer «I hope it can continue a little while longer». I følgje ein Doors-biografi frå 1980, No One Here Gets Out Alive, var det under innspelinga av Morrison Hotel at Morrison og Courson hadde ein valdeleg krangel etter ho drakk spritflaska hans, slik at han ikkje kunne drikke ho. Lydteknikaren Bruce Botnick hugsa: «Så her var dei to, fullstendig ute av det og gråtande. Han byrja å riste kraftig. Eg trur han prøvde å lure meg. Ho gret hysterisk og sa at han ikkje burde drikke meir og at det var derfor ho drakk det. Og eg rydda opp og sa 'Hei, det er blitt ganske seint' Han såg opp, stoppa å riste henne, og sa 'Ja, greitt', gav ho ein klem og dei gjekk derfrå arm i arm. Han gav deg alltid eit rart blikk etterpå, for å sjå korleis du reagerte.»[7]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart teken av Henry Diltz på Morrison Hotel i South Hope Street i Los Angeles. Bandet fekk ikkje løyve til å ta biletet, så dei gjorde det medan ekspeditøren var borte frå resepsjonen. Bandet sprang bak vindauga, medan Diltz tok biletet.[8] På baksida er det eit fotografi av Hard Rock Café på 300 East 5th Street i nærleiken.[9] Grunnleggjarane av den seinare (og elles ikkje tilknytte) Hard Rock Cafe-kjeda brukte namnet etter å ha sett det på Doors-albumet. Bygningen har i dag ein nærbutikk. Bygningen med Morrison Hotel stod tom i mange år, men i 2018 var det planar om å restaurere bygningen.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[10]
Christgau's Record GuideB+[11]
Rolling Stone(Mixed)[12]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[13]
Slant Magazine3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[14]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[15]

Morrison Hotel kom ut vart det av mange rekna som eit comeback for The Doors etter det kritisk mislukka The Soft Parade. Sjølv om singelen «You Make Me Real»/«Roadhouse Blues» berre nådde 50. plassen som dobbel A-side i mai 1970, selde albumet raskt til gullplate i USA i februar 1970 og nådde fjerdeplassen på Billboard-lista i mars. Det låg inne på lista i 27 veker. I tillegg fekk albumet den høgaste plasseringa deira på den britiske albumlista med ein 12. plass der.

Dave Marsh, redaktør i Creem kalla albumet «den mest fryktelege rock and roll eg nokon gong har høyrt. Når dei er bra er dei uslåelege. Eg veit at dette er den beste plata eg nokon gong har høyrt»,[16] medan Rock Magazine kalla det «utan tvil det tøffaste (og beste) albumet deira til no».[16] Circus rosa det som «kanskje det beste albumet deira til no» og «god, hard, vond rock...og eit av dei beste albuma som er kome ut dette tiåret».[16]

I denne perioden var dei i røynda framleis svartelista i meir sosialt konservative marknader, særleg i Sørstatane. Turneen deira i 1970 var derfor stort sett avgrensa til det nordaustlege USA, vestkysten og dei meir progressive byane i Midtvesten.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein, «Hard Rock Cafe»
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Roadhouse Blues»  Jim Morrison, The Doors 4:03
2. «Waiting for the Sun»  Morrison 3:58
3. «You Make Me Real»  Morrison 2:53
4. «Peace Frog»  Morrison, Robby Krieger 2:51
5. «Blue Sunday»  Morrison 2:13
6. «Ship of Fools»  Morrison, Krieger 3:08
Side to, «Morrison Hotel»
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Land Ho!»  Morrison, Krieger 4:10
8. «The Spy»  Morrison 4:17
9. «Queen of the Highway»  Morrison, Krieger 2:47
10. «Indian Summer»  Morrison, Krieger 2:36
11. «Maggie M'Gill»  Morrison, The Doors 4:23
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
12. «Talking Blues»   0:59
13. «Roadhouse Blues» (opptak 1-3, 4. november 1969) 8:47
14. «Roadhouse Blues» (opptak 6, 4. november 1969) 9:26
15. «Carol»   0:56
16. «Roadhouse Blues» (opptak 1, 5. november 1969) 4:32
17. «Money Beats Soul»   1:04
18. «Roadhouse Blues (Takes 13» (opptak 13-15, 5. november 1969) 6:21
19. «Peace Frog» (falsk start og dialog) 2:00
20. «The Spy» (versjon 2) 3:48
21. «Queen of the Highway» (jazzversjon) 3:36

40-årsjubileumsutgåva vart miksa heilt på nytt i tillegg til at songane var mastra på nytt. Dette innebar mellom anna å nytte vokal og instrument som ikkje finst på det originale albumet. Som Ray Manzarek sa, «Det er korvokal av Jim Morrison, pianodelar som er mine, som me ikkje nytta, og gitarparti og soloar av Robby Krieger som aldri kom med på den originale innspelinga, som no kan høyrast for første gong.»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doors
Andre musikarar
Teknisk

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1970) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[17] 3
Nederlandske album (MegaCharts)[18] 6
Britiske album (OCC)[19] 12
US Billboard 200[20] 4
Singlar
År Singel Liste Plassering
1970 «You Make Me Real»/«Roadhouse Blues»[21] U.S. Billboard Hot 100 50[20]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[22] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[23] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[24] Platina 300 000*
Polen(ZPAV)[25] Platina 100 000*
Spania(PROMUSICAE)[26] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[27] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[28] Gull 100 000^
USA (RIAA)[29] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jim Morrison is charged with lewd behavior at a Miami concert - Mar 05, 1969 - HISTORY.com». HISTORY.com. Henta 3. august 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Hopkins & Sugerman 1980, s. 247.
  3. «The Doors Concert Dates & Info 1969». mildequator.com. 
  4. «The Doors Studio Dates & Info». mildequator.com. 
  5. The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, Page 7, David Frickle, 2006
  6. The Doors, Morrison Hotel Remastered Liner Notes, Page 3, Bruce Botnick, 2006.
  7. Hopkins & Sugerman 1980, s. 274.
  8. Densmore, John (1991). Riders on the Storm: My Life with Jim Morrison and The Doors. London: Bloomsbury, Arrow. s. 234–237, 244. ISBN 0-09-993300-4. 
  9. «The Doors Original «Hard Rock Cafe» in Downtown Los Angeles». FeelNumb. 17. november 2009. Henta 3. august 2019. 
  10. Unterberger, Richie. «Morrison Hotel – The Doors». AllMusic. Henta 3. august 2019. 
  11. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  12. Bangs, Lester (30. april 1970). «The Doors Morrison Hotel > Album Review». Rolling Stone (57): 53. Henta Mal:Date. 
  13. «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 3. august 2019. 
  14. Cinquemani, Sal (18. april 2007). «The Doors: Morrison Hotel». Slant Magazine. Henta 3. august 2019. 
  15. «The Doors Morrison Hotel». Acclaimed Music. Henta 3. august 2019. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Hopkins & Sugerman 1980, s. 284.
  17. "Top RPM Albums: Nummer {{{chartid}}}". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 3. august 2019.
  18. "The Doors – Morrison Hotel". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 3. august 2019.
  19. "Doors | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 3. august 2019.
  20. 20,0 20,1 "The Doors Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Doors. Prometheus Global Media. Henta 3. august 2019.
  21. «The Doors - Chart history - Billboard». www.billboard.com. 
  22. «Austrian album salstrofé – The Doors – Morrison Hotel» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter The Doors in the field Interpret. Enter Morrison Hotel in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  23. «Canadian album salstrofé – The Doors – Morrison Hotel». Music Canada. 
  24. «French album salstrofé – Doors – Morrison Hotel» (på fransk). InfoDisc.  Select DOORS and click OK
  25. «Polish album salstrofé – ATB – Distant Earth» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  26. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Año A Año. ISBN 8480486392. 
  27. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (The Doors; 'The Morrison Hotel')». Hung Medien. 
  28. «British album salstrofé – Doors – Morrison Hotel». British Phonographic Industry.  Enter Morrison Hotel in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  29. «American album salstrofé – The Doors – Morrison Hotel». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH