The Doors av The Doors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Doors
Studioalbum av The Doors
Utgjeve 4. januar 1967
Innspelt 29. august til 23. september 1966
Studio Sunset Sound Recorders i Hollywood i California
Sjanger
Lengd 44:48
Selskap Elektra
Produsent Paul A. Rothchild
The Doors-kronologi
The Doors Strange Days
(1967)


Singlar frå The Doors
  1. «Break On Through (To the Other Side)»
    Utgjeve: Januar 1967
  2. «Light My Fire»
    Utgjeve: April 1967
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Down Beat4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
The Great Rock Discography9/10[4]
MusicHound Rock4/5[5]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stone5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]
Slant Magazine4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]
The Village VoiceB–[9]

The Doors er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, spelt inn i august 1966 og gjeve ut i januar 1967. Det inneheld gjennombrotssingelen deira «Light My Fire», ein langt lengre versjon enn singelutgåva, og den lengre songen «The End».

The Doors har sagt at suksessen med det første albumet deira kom av at dei kunne spele songane kveld etter kveld på Whisky a Go Go og London Fog. Albumet vart rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den endelege besetninga til The Doors kom til halvvegs i 1965 etter at brørne til Ray Manzarek forlet bandet og Robby Krieger kom inn.[10] The Doors signerte opphavleg ein kontrakt med Columbia Records for seks månader, men bandet gjekk med på å bli frigjeven frå kontrakten etter at dei ikkje klarte å finne ein produsent for albumet.[11] The Doors spelte så på klubbar som London Fog og Whisky a Go Go fram til dei vart signert til Elektra records av Jac Holzman.[12]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i Sunset Sound Studios i California i løpet av seks dagar med produsenten Paul Rothchild og lydteknikar Bruce Botnick.[13] Det vart nytta fire spor for albumet, bass og trommer på eitt, gitar og orgel på eit anna, vokalen til Morrison på det tredje, medan det fjerde vart nytta som ekstraspor.[14] Under innspelinga av albumet nytta dei bassist på nokre av songane, medan Ray Manzarek på scenen spelte klaverbass med venstrehanda.[15] For songane «The End» og «Light My Fire» vart to opptak spelte inn og limt saman for den endelege songen.[16]

Låtskriving og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Alle songane vart tilskrivne heile bandet, men dei viktigaste låtskrivarane var Morrison og Krieger. Ødipus-klimakset i «The End» vart først framført på konsert på Whisky A Go Go og The Doors vart kasta ut av klubben etter at Jim Morrison skreik «Mother...I want to fuck you!» nær klimakset i songen. «Alabama Song» vart opphavleg skriven og komponert av Bertolt Brecht og Kurt Weill for operaen Aufstieg und Fall der Stadt Mahagonny. «Back Door Man» var ein song av Howlin' Wolf. Linja «Some are born to sweet delight, some are born to endless night» frå «End of the Night» er sitert frå William Blake-diktet «Auguries of Innocence».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

The Doors klatra stadig oppover Billboard 200, og vart etterkvart ein stor suksess i USA, så snart «Light My Fire» byrja å klatre på lista. Albumet nådde andreplassen på lista i september 1967. I Europa måtte bandet vente litt lenger før det tok av og «Light My Fire» stoppa på 49. plass i Storbritannia, og albumet gjekk ikkje inn på lista i det heile. Etter at Oliver Stone-filmen The Doors kom i 1991, vart «Light My Fire» gjeven ut på n y og nådde sjuandeplassen, medan albumet gjekk inn på lista og nådde 43. plass. Til slutt låg det lengre på den britiske albumlista enn noko anna Doors-album.

Albumet er rangert på 42. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Q tok med albumet blant dei 100 beste albuma nokon sinne, medan det vart rangert på 25. plass på lista til NME.[17] Kritikar og historikar Piero Scaruffi meinte at The Doors var det femte beste rockealbumet nokon gong.[18]

Sensur[endre | endre wikiteksten]

Songane «Break on Through (To the Other Side)» og «The End» vart begge sensurerte på albumet. Under «Break on Through» der Jim Morrison syng «She gets, she gets» song han opphavleg «She gets high». I vokalmellomspelet nær slutten på «The End» syng Morrison fuck fleire gonger, og dette vart fjerna frå stereoutgåva av albumet. Det vart derimot verande att på mono-utgåva. Seinare utgjevingar av albumet har teke dette inn att. Bandet aksepterte denne sensuren, men ville ikkje endra teksten på «Light My Fire» på den kjende framføringa deira for Ed Sullivan Show der dei song «Girl we couldn't get much higher».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jim Morrison, Robby Krieger, Ray Manzarek og John Densmore, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Break on Through (To the Other Side)»    2:29
2. «Soul Kitchen»    3:35
3. «The Crystal Ship»    2:34
4. «Twentieth Century Fox»    2:33
5. «Alabama Song (Whisky Bar)»  Bertolt Brecht, Kurt Weill 3:20
6. «Light My Fire»    7:06
Side to
# Tittel Lengd
7. «Back Door Man»   3:34
8. «I Looked at You»   2:22
9. «End of the Night»   2:52
10. «Take It As It Comes»   2:17
11. «The End»   11:41
Bonusspor på 40-årsjubileumsutgåva
# Tittel Lengd
12. «Moonlight Drive» (versjon 1) (songen var skriven av Morrison og spelt inn i august 1966 (begge versjonar)) 2:42
13. «Moonlight Drive» (versjon 2) 2:31
14. «Indian Summer» (tekst av Morrison & musikk av Krieger og spelt inn i august 1966) 2:35
Bonussplate på 50-årsjubileumsutgåva - live Matrix 67
# Tittel Lengd
1. «Break On Through (To the Other Side)»   3:29
2. «Soul Kitchen»   3:46
3. «The Crystal Ship»   3:12
4. «Twentieth Century Fox»   2:59
5. «Alabama Song (Whisky Bar)» (skriven av: Bertolt Brecht, Kurt Weill) 3:36
6. «Light My Fire»   8:58
7. «Back Door Man» (skriven av Willie Dixon) 5:34
8. «The End»   14:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doors

Andre medverkande

  • Larry Knechtel (ikkje oppført) – bassgitar på «Twentieth Century Fox», «Light My Fire», «I Looked At You» og «Take It as It Comes»

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1967) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[20] 15
US Billboard 200[21] 2

Singlar

År Singel Liste Plassering
1967 «Break On Through (To the Other Side)»
B-side: «End of the Night»
Pop Singles 126[22]
1967 «Light My Fire»
B-side: «The Crystal Ship»
Pop Singles 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[23] Gull 30 000x
Austerrike (IFPI Austerrike)[24] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[25] 4× Platina 400 000^
Frankrike (SNEP)[26] 3× Platina 900 000*
Tyskland (BVMI)[27] Platina 500 000^
Italia (FIMI)[28] Gull 50 000*
Spania(PROMUSICAE)[29] Gull 50 000^
Sverige (GLF)[30] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[31] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[32] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[33] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «The Doors – The Doors | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Arkivert frå originalen den 22. desember 2014. Henta 23. juli 2019. 
  2. 2,0 2,1 «The Doors – The Doors CD Album». CD Universe/Muze. Henta 23. juli 2019. 
  3. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2006. ISBN 0-85712-595-8. 
  4. Strong, Martin C. (2004). «The Doors». The Great Rock Discography (7th utg.). Canongate U.S. ISBN 1841956155. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 358. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Puterbaugh, Parke (8. april 2003). «The Doors by The Doors». Rolling Stone (New York). Archived from the original on 7. august 2011. Henta 23. april 2016. 
  7. «The Doors: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. Henta 23. juli 2019. 
  8. Cinquemani, Sal (18. april 2007). «The Doors: The Doors | album Review». Slant Magazine. Arkivert frå originalen den 11. august 2012. Henta 23. juli 2019. 
  9. Christgau, Robert (20. desember 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Henta 22. juni 2013. 
  10. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 37
  11. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 53
  12. The Doors: The Doors by The Gorillaz , 2006, s. 58
  13. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 68
  14. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 68
  15. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 71
  16. The Doors: The Doors by The Doors, 2006, s. 71
  17. http://www.cduniverse.com/productinfo.asp?pid=7384717
  18. Scaruffi, Piero. scaruffi.com 100 Greatest Rock Albums
  19. THE DOORS | Mr. Mojo Risin': The Story of L.A. Woman Q&A and Performance - YouTube Arkivert 17. mars 2016 ved Wayback Machine.
  20. "Top RPM Albums: Nummer 10094a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. juli 2019.
  21. "The Doors Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Doors. Prometheus Global Media. Henta 23. juli 2019.
  22. Whitburn, Joel. Bubbling Under Singles & Albums (1998): 66.
  23. «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 16. september 2012. 
  24. «Austrian album salstrofé – The Doors – Doors» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter The Doors in the field Interpret. Enter Doors in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  25. «Canadian album salstrofé – The Doors – The Doors». Music Canada. 
  26. «French album salstrofé – Doors – The Doors» (på fransk). InfoDisc.  Select DOORS and click OK
  27. «Gold-/Platin-Datenbank (The Doors; 'The Doors (1st Album)')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  28. «Italian album salstrofé – Doors – The Doors» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Doors in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  29. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. ISBN 8480486392. 
  30. «Guld- och Platinacertifikat − År 1999» (PDF) (på svensk). IFPI Sweden. Henta 23. april 2019. 
  31. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (The Doors; 'The Doors')». Hung Medien. 
  32. «British album salstrofé – Doors – The Doors». British Phonographic Industry.  Enter The Doors in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  33. «American album salstrofé – The Doors – The Doors». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH