Ringebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ringebu
tettstad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Ringebu
Areal 2,04 km²
Folketal 1 347 (2015)
Folketettleik 660 / km²
Postnummer 2630 RINGEBU
Innbyggjarnamn ringbygging
Preposisjon Ringebu
Wikimedia Commons: Vålebru

Ringebu er eit sokn og ein tettstad i Ringebu kommune i søre Gudbrandsdalen Oppland fylke.

Ringebu sokn[endre | endre wikiteksten]

Ringebu sokn har snautt 3 000 innbyggjarar og femnar om bygdene langsmed Gudbrandsdalslågen, frå Frya i nord til Tromsa og Moelva i sør, med tettstaden Ringebu og og den del av tettstaden Fåvang (Tromsnes) som ligg nord for Tromsa. Ringebu stavkyrkje frå 1200-talet ligg 3 km sør for tettstaden.

Ringebu tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden Ringebu, òg kalla Vålebru eller Vålebrua, har 1 347 innbyggjarar per 1. januar 2015 og er administrasjonssenter i kommunen. Den voks fram som stasjonsby etter at Ringebu stasjon ved Dovrebanen blei opna i 1896. Namnet Vålebru kjem frå elva Våla, som renn gjennom sentrum, og dei to bruene som går over elva. På folkemunne kallar ein Ringebu sentrum (Vålebrua) for 'Brua', i motsetnad til 'skogen' som vert brukt om området Tollmoen/Tollskogen som ligg på vestsida av jarnbanen. Namnet Vålebru bruker ein mest for å unngå blanding mellom tettstaden Ringebu og Ringebu kommune.

Ringebu hadde det første gatetunet i landet, der hovudgata vart stengt for køyretøy og opna for gjengande. Føretaka trekkjer krambuer ut på gata, og det er ofte underhaldning i hovudgata (Jernbanegata). Jernbanegata er seinare bygd om fleire gonger, men har ivareteke gatetunet med forbod for køyrande, fartsdumper og fysiske sjikanar for å redusere på den nødvendige køyringa av vareleveransar, brann- og sjukebilar.

Ringebu Folkehøgskule ligg i tettstaden.

Folketalsutvikling på tettstaden Ringebu
År Innbyggjarar
1900
  
205
1910
  
323
1920
  
345
1930
  
396
1946
  
809
1950
  
792
1960
  
1 010
1970
  
1 059
1980
  
1 494
1990
  
1 382
2000
  
1 276
2009
  
1 326
2012
  
1 314
Kjelder:
Ringebu stavkyrkje
Ringebu rådhus

Kjende personar frå Ringebu[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]