Roar Grønvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roar Grønvold

Europese kampioenschappen Schaatsen te Innsbruck. Nummers 22.24 Schenk in aktie,, Bestanddeelnr 923-1878.jpg
Roar Grønvold under EM 1970 i Innsbruck

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mars 1946
Sandsvær
Idrett lengdeløp på skeiser, fotball
Yrke skøyteløpar, fysioterapeut, fotballspelar, fotballtrenar, skøytetrener

Roar Grønvold (fødd 19. mars 1946) er ein norsk tidlegare skeiseløpar, fødd i Sandsvær. Han vart norsk firkampmeister i 1972, same året som han vart nummer to både i EM og VM og tok to sølvmedaljar under Vinter-OL i Sapporo. Grønvold var medlem i Holmestrand og Botne Skøyteklubb, deretter i Tønsbergs Turnforening.

Grønvold vann junior-NM 1964, men fekk ikkje noko gjennombrot før 1970-sesongen. Under noregsmeisterskapen 1970 i Skien kom han på andreplassen bak Dag Fornæss, plasseringar som vart nøyaktig dei same då firkamp-NM 1971 fann stad i Moss.

1972-sesongen vart den store for Grønvold. På nyåret vart han noregsmeister på heimebane i Tønsberg, framom Fornæss og Sten Stensen. To veker seinare vart han andremann bak nederlendaren Ard Schenk i europameisterskapen i Davos. Under vinterleikane i Sapporo kom han sølvplassen både på 1500 meter og 5 000 m, også her var Schenk hans overmann. To veker syrgde Schenk enno ein gong for at Grønvold måtte nøye seg med andreplassen då firkamp-VM vart avvikla på Bislett stadion i Oslo.

Grønvold deltok i proff-EM 1973 og 1974, også i desse meisterskapane enda han på trinn to på sigerspallen. I 1973 vart han nummer tre i proff-VM.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]