Rob Fraboni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rob Fraboni
Rob Fraboni at the console.jpg
Fødd23. april 1951 (70 år)
OpphavUSA
AktivSidan 1970
SjangerRock, blues, reggae, folkemusikk, rootsreggae, jazz, verdsmusikk
InstrumentTrommer/perkusjon
Tilknytte artistarRolling Stones, Bob Dylan, The Band, Eric Clapton, Tim Hardin, The Beach Boys, Joe Cocker, Wayne Shorter, Bonnie Raitt, Melissa Etheridge, Etta James, Milton Nascimento, Hubert Sumlin, Bob Marley and the Wailers
PlateselskapIsland Records, Elektra Records, Warner Bros. Records, Arista Records, RSO Records
Verka somProdusent/lydteknikar

Rob Fraboni (fødd 23. april 1951)[1] er ein USA-amerikansk plateprodusent og lydteknikar, kjend for arbeidet sitt med Bob Dylan, The Band, Eric Clapton, The Rolling Stones, Tim Hardin, The Beach Boys, Joe Cocker og Bonnie Raitt, og som visedirektør i Island Records der han hadde ansvaret for ommastringa av heile katalogen til Bob Marley.[2] Han produserte filmmusikken til Martin Scorsese-filmen The Last Waltz, med ei rekkje rockestjerner. Han bygde og designa det legendariske studioet Shangri-La i Malibu etter spesifikasjonane til Bob Dylan og The Band. Han vart omtalt som eit «geni» av Keith Richards i sjølvbiografien hans Life.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rob Fraboni interviewed by Eric Francis». Planetwaves.net. 25. mars 2012. Henta 2. oktober 2020. 
  2. «Rob Fraboni Diskografi at Discogs». Discogs.com. Henta 2. oktober 2020. 
  3. Richards, Keith (2010). Life. Little, Brown and Company. s. 514. ISBN 978-0-316-03438-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]