Rolf Danneberg
Rolf Danneberg | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1. mars 1953 (70 år) Hamburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Rolf Danneberg (fødd 1. mars 1953) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Hamburg som tevla for Vest-Tyskland. Han vann gullmedaljen i diskoskast under OL 1984 i Los Angeles med 66,60 meter. Fire år seinare fekk han bronsemedaljen i same øvinga under dei olympiske leikane i Seoul. Personleg rekord er på 67,60 m.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Danneberg vart vesttysk meister i diskoskast i 1980, men deltok ikkje i sommar-OL ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane i Moskva. Han fekk sin internasjonale meisterskapsdebut to år seinare, utan å nå EM-finalen i Aten.
I 1984 vart Danneberg olympisk meister i diskoskast under leikane i Los Angeles. Halvvegs i finalen låg han utanfor medaljeplass, men fekk i fjerde omgang opp eit kast som målte 66,60 m. Dermed gjekk han opp i leiinga, 30 cm framom arrangørlandet sin eigen meister, Mac Wilkins. Kastet viste seg å halde til OL-gull.
Etter ein ellevteplass i EM 1986, stod Danneberg for betre prestasjonar i 1987-sesongen. I mai månad gjorde han sitt livs lengste kast med 67,60 m i Berlin. Tre månader seinare kom han på fjerdeplass under VM 1987, seks centimter frå bestekastet til bronsemedaljøren Luis Delís frå Cuba.
Under OL 1988 lukkast Danneberg å vinne ein ny OL-medalje. Etter ein mindre god serie smelte han til med 67,38 m i sitt femte forsøk og tok bronsemedaljen, berre 10 cm bak sølvmedaljøren sitt bestekast. To år etter vart Danneberg nummer seks i diskostevlinga i EM 1990.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- EM 1982 i Aten: Utslått i kvalifiseringa
- OL 1984 i Los Angeles: Gullmedalje – 66,60 m, framom Mac Wilkins (66,30 m)
- EM 1986 i Stuttgart: Nr 11 – 61,60 m
- VM 1987 i Roma: Nr 4 – 65,96 m, bakom Luis Delís (66,02 m)
- OL 1988 i Seoul: Bronsemedalje – 67,38 m
- EM 1990 i Split: Nr 6 – 63,08 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Rolf Danneberg» frå Wikipedia på tysk, den 13. september 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Rolf Danneberg» (engelsk). olympedia.org. Henta 19. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1953
- Tyske diskoskastarar
- Olympiske meistrar for Vest-Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Vest-Tyskland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1984
- Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Folk frå Hamburg