Rosemarie Ackermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rosemarie Ackermann


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 4. april 1952 (71 år)
Lohsa
Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1972 Summer Olympics – women's high jump, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's high jump, athletics at the 1980 Summer Olympics – women's high jump

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull, Sportsman of the year

Rosemarie Ackermann, tidlegare Rosemarie Witschas, (fødd 4. april 1952) er ein tysk tidlegare høgdehoppar frå Lohsa i Sachsen som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart europameister i høgdeøvinga i 1974 og olympisk meister i same i 1976. Ackermann vart den fyrste kvinna i verda som svinga seg over to meter i høgdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Witschas deltok i høgdetevlinga under Sommar-OL 1972 i München og enda på sjuandeplass. Under europameisterskapen 1974 i Roma vann ho gullmedaljen med sigershøgda 1,95 meter. Dermed forbetra ho den to år gamle verdsrekorden til bulgarske Jordanka Blagojeva med ein centimeter.

Den 3. juli 1976 forbetra Ackermann verdsrekorden til 1,96 m. Under den olympiske høgdetevlinga i Montreal nokre veker seinare sikra ho seg OL-gullet med eit vinnarhopp på 1,93 meter, i hard konkurranse med Sara Simeoni frå Italia og Jordanka Blagojeva.

Ackermann forbetra verdsrekorden to gongar i 1977-sesongen. Den 14. august gjekk ho over 1,97 m i Helsinki. Knappe to veker seinare, 26. august 1977, vart ho under eit stemne i Berlin den aller fyrste kvinna som svinga seg over 2,00 meter. Ho vart med det hoppet den siste store utøvaren av dykkstilen i høgdehopping.

Under europameisterskapen 1978 i Praha klarde Ackermann sterke 1,99 meter, men måtte nøye seg med sølvmedaljen bakom Sara Simeoni som tok over verdsrekorden med vinnarhoppet på 2,01 m. Ackermann avslutta si tid som aktiv høgdehoppar i 1980, i ein sesong der ho vart nummer fire i øvinga under sommarleikane i Moskva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]