Rosemary Butler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosemary Butler
Rosemary Butler 2019 by Glenn Francis.jpg
Butler på California Saga 2 Charity Concert i Los Angeles i 2019
Fødd6. april 1947 (74 år)
FødestadCalifornia i USA
FødenamnRosemary Ann Butler
OpphavUSA
AktivSidan 1960-åra
Sjangerpop, rock, country, moderne folkemusikk, blue-eyed soul
InstrumentVokal, bass (tidlegare)
Tilknytte artistarBirtha
Verka somsongar, korvokalist, tidlegare bassist

Rosemary Ann Butler (fødd 6. april 1947)[1] er ein USA-amerikansk songar. Ho byrja karrieren som bassist og song i eit kvinneband kalla The Ladybirds, medan ho gjekk på high school i Fullerton i California. Bandet spelte på fleire fjernsynsshow lokalt i Los Angeles og varma opp for The Rolling Stones i 1964. Ho vart så med i det kvinnelege hardrockbandet Birtha[2] som gav ut to albm for Dunhill Records. Etter dei gav seg i 1975 vart ho ein populær korsongar i 1970- og 1980-åra. Ho syng på Bonnie Raitt-albumet Sweet Forgiveness, på songane «Gamblin' Man», «Runaway», «Sweet Forgiveness» og «Two Lives

Butler har òg sunge for Linda Ronstadt, James Taylor, Warren Zevon, Neil Young, Bonnie Raitt, Boz Scaggs, Nitty Gritty Dirt Band, Jackson Browne og Rosanne Cash. Ho gav ut soloalbumet Rose i 1983. Det andre albumet hennar kom 30 år seinare, You Just Watch Me, i 2013.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «United States Public Records, 1970-2009» (database). 16. mai 2014. Rosemary Ann Butler, Residence, Sherman Oaks, California, United States – via FamilySearch; a third party aggregator of publicly available information. 
  2. Birtha official fan site
  3. «Kenny Loggins Records Duet w/ Legendary Vocalist Rosemary Butler». Naluda Magazine. 22. oktober 2013. 
  4. «Rosemary Butler’s New Album ‘You Just Watch Me’ Features Kenny Loggins, Jackson Browne». Rockcellar Magazine. 7. november 2013. Arkivert frå originalen 10. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]