Hopp til innhald

Roubaix

Roubaix
Roubaix rådhus
Roubaix rådhus
Roubaix rådhus
Byvåpenet til Roubaix
Byvåpen

Motto
«Probitas et industria»
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Nord
Borgarmeister Guillaume Delbar
Flatevidd 13,23 km²
Flatevidd
  By

13,23 km²
Innbyggjarar
  By (2013)
   - folketettleik

95 866
  7 246/km²
Koordinatar 50°41′24″N 03°10′54″E / 50.69000°N 3.18167°E / 50.69000; 3.18167
Høgd 32 m
Tidssone
  Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Postnummer 59100
Nettstad: www.ville-roubaix.fr

Roubaix (nederlandsk: Robaais) er ein kommune og ein tidligere industristad i det nordlege Frankrike i departementet Nord i regionen Hauts-de-France. Han ligg mellom byane Lille og Tourcoing, nær grensa til Belgia.

Han vart eit viktig sentrum for ull- og tekstilproduksjon på 1800-talet, og opplevde eksplosiv vekst under den industrielle revolusjonen. Mot slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet opplevde Roubaix ein rekordhøg demografisk vekst. I løpet av et titals år vart den vesle landsbyen (med 8 091 innbyggjarar i 1800) ein industriby med 124 365 innbyggjarar i 1901.

Tekstilindustrien i Roubaix stagnert og deretter forsvann etter 1970- og 1980-årenes. Sidan den gong har Roubaix vorte ein turistdestinasjon med attraksjonar som Musée d'Art et d'Industrie «La Piscine» og La Condition Publique. Roubaix har likevel hatt liknande utfordringar som resten av dei post-industrielle områda i Nord-Frankrike, med deindustrialisering, bustadproblem, sosial uro og økonomiske nedgangstider.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Mest kjend i Roubaix er kanskje kunstgalleriet «La Piscine», og som namnet tyder ligg det i ein gamal kommunal symjehall.

Roubaix er målet i det klassiske og krevjande sykkelrittet Paris-Roubaix.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Roubaix