Routanøyane
Routanøyane er to øyar på austsida av Tsjaunskajabukta i Aust-Sibir-havet i Tsjukotka autonome okrug i Russland. Dei ligg like utanfor Pevek og mellom Pevekhalvøya og øyane går eit 4,7 km breitt sund. Ajonøya ligg på andre sida av Tsjaunskajabukta, 24 km mot vest.
- Bolsjoj Routan er om lag trekanta og er 9,5 km lang og 4,5 km brei.
- Malij Routan er mykje mindre og ligg 1 km vest for det sørlegaste punktet på Bolsjoj Routan. Ho er berre 1,3 km lang.
Det er ein liten polarstasjon på Bolsjoj Routan.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Routan Islands» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering
- Geografisk informasjon Arkivert 2010-11-02 ved Wayback Machine.