Jeannetteøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Delong1.PNG

Jeannetteøya (russisk Остров Жаннетты, Ostrov Zjannetty) er den austlegaste øya i DeLong-øyane i Aust-Sibir-havet. Ho vart oppdaga i 1881 av «Jeannette»-ekspedisjonen, leia av kapteinløytnant George W. DeLong. Ho er den nest minste øya i DeLong-øyane, er 2 km lang og har eit areal på om lag 3,3 km².

Den høgaste toppen på øya ligg 351 meter over havet. Ho er hovudsakleg dekt av isbrear og kornsnø. Øya vart kravd av USA i 1881, men er i dag underlagt Russland[1].

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Jeannetteøya består av folda gråvakke frå paleozoikum med konglomerat frå kenozoikum over. Gråvakken er grov og inneheld bitar av konglomerat her og der. Ein diskordans skil konglomeraten frå kenzoikum frå gråvakken under. Konglomeraten frå kenozoikum inneheld runde småstein, større steinar og blokker av kvarts, sandstein, kvartsitt, dioritt, andesitt-basalt og endra granitt[2][3].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske utforskaren og kapteinløytnanten George W. DeLong sette ut i 1879 om bord på «Jeannette» for å finne ope farvatn i Nordishavet nær Nordpolen og håpte å nå Wrangeløya. Skipet hamna derimot i pakkisen nær Heraldøya i september 1879 og vart fanga. Fartøyet dreiv mange hundre kilometer med isen og passerte nord for Wrangeløya. I mai 1881 kom dei til Jeannetteøya og Henriettaøya. Mannskap frå skipet gjekk i land på øya med det amerikanske flagget og erklærte ho amerikansk eigedom. [4] Ekskursjonen var leia av George W. Melville og dei gjekk i land 2. eller 3. juni, bygde ein varde og plasserte eit dokument om hendinga inne i varden.[5]

Teikning av George Melville av Jeannetteøya, nord for Sibir i mai 1881.

Under den russiske polare hydrografiske ekspedisjonen leia av Boris Vilkitskij i 1914-1915, kom isbrytaren «Vajgatsj» til Jeanetteøya for å kartlegge henne og Henriettaøya, men tjukk is stoppa dei. I 1916 gav den russiske ambassadøren ut eit offisielt notat som sa at Russland rekna Jeanetteøya og fleire andre arktiske øyar som ein del av Det russiske riket. Dette kravet vart seinare opprettheldt av Sovjetunionen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Headland, R.K., 1994, OSTROVA DE-LONGA ('De Long Islands'). Scott Polar Research Institute, Cambridge University. Vitja 30. juli 2008.
  2. *Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
  3. Kosko, M.K., B.G. Lopatin og V.G. Ganelin, 1990, Major geological features of the islands of the East Siberian og Chukchihavets og the Northern Coast of Chukotka. Marine Geology. vol. 93, s. 349–367
  4. Naval Historical Center, 2003a, A Lengthy Deployment: The Jeannette Expedition in Arctic Waters as Described in Annual Reports of the Secretary of the Navy, 1880-1884 Vitja 30. juli 2008.
  5. Naval Historical Center, 2003b, Jeannette Arctic Expedition, 1879-1881 — Overview og Selected Images. Vitja 30. juli 2008.

Koordinatar: 76°42′56″N 158°06′33″E