Novaja Sibir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Novaja Sibir i Russland

Novaja Sibir eller Ny-Sibir (russisk: Новая Сибирь) er ei av Nysibirøyane mellom Laptevhavet og Aust-Sibir-havet i Russland. Med eit areal på 6200 km² er ho akkurat ikkje med på lista over dei 100 største øyane i verda. Novaja Sibir er ei låg øy og det høgaste punktet er berre 76 meter over havet. Ho er dekt av tundravegetasjon og høyrer til republikken Sakha.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Novaja Sibir består av klastiske sediment frå sein krittid til kvartærtida. Sedimenta frå sein krittid er omfattande folda lag av grå eller grågrøn tuffaktig sand, tuffaktig silt, småstein og lag av brunkol. Sand og silt inneheld ofte vulkansk glas, fossile planter, rhyolittisk småstein eller ein kombinasjon av alle. Sand, silt, leire og brunkol frå eosen ligg over ein erosjonsdiskordans i den sedimenta frå sein krittid. Nordvest på Novaja Sibir går desse sedimenta gradvis over i leire som inneheld fossil av skaldyr. Oppå sedimenta frå eosen og andre erosjonsdiskordansar ligg sand frå oligocen og tidleg miocen. Dei inneheld tynne lag av silt, gjørme, leire og småstein. Sanden inneheld òg fossile planter og kiselalger frå lagunar, sumper og innsjøar. Over dette sandlaget ligg sediment frå pliocen med lag av sand, silt, gjørme, torv og småstein.[1][2]

Bortsett frå Derevjannyjeåsane, dekker sediment frå kvartærtida nesten heile overflata av Novaja Sibir. Desse avleiringane består av lag av marine sediment oppå jordsediment. Dei lågare marine sedimenta består av tre lag oppå kvarandre av marin til beisk leire med fossil av blautdyr med torv på toppen av dette igjen. Jordsedimenta som ligg over dette igjen består av isrik silt der mange iskiler har danna seg. Denne isen har opparbeidd seg gjennom titusenvis av år gjennom sein kvartærtid og det siste glasiale maksimum og fram til om lag 10 000 år sidan. I løpet av denne perioden gravla isen og bevarte mange støttenner og bein frå mammutar og andre dyr frå megafaunaen..[3][4][2]

På Novaja Sibir finst det mykje oppreiste trestammer, greiner, lauvavtrykk og andre planterstar i sedimenta som ligg blotta ved havklippene og i Derevjannjeåsane langs sørkysten.[5][6][7] På grunn av dei mange trerestane kalla dei første oppdagarane og paleobotanistane Derevjannjeåsane for anten «Skogfjella» eller «Trefjella».[5][8][9] Ein meinte at laga av sand, silt, gjørme og leire som inneheld desse fosiile trestammene oppstod i anten miocen eller eosenepoken.[8][7], men i dag veit ein at dei kjem frå sein krittid.[10]

Vegetasjon[endre | endre wikiteksten]

Tundraen dekker heile Novaja Sibir og består stort sett av svært lågtveksande gras, siv, mosar, lav og levermosar. Jordsmonnet er typisk fuktig, finkorna og ofte bakka.[11]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jakov Sannikov oppdaga Novaja Sibir i 1806 under ein jaktekspedisjon finansiert av kjøpmennene Semen og Lev Sirovatskij.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, in A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
  2. 2,0 2,1 Kosko, M.K. og G.V. Trufanov, 2002, Middle Cretaceous to Eopleistocene Sequences on the New Siberian Islands: an approach to interpret offshore seismic. Marine and Petroleum Geology. vol. 19, no. 7, s. 901–919.
  3. Basiljan, A. og P.A. Nikolskij, 2002, Quaternary Deposits of New Siberia Island (Russian Arctic). 32nd Annual Arctic Workshop Abstracts, 14-16. mars, 2002, Institute of Arctic og Alpine Research, University of Colorado at Boulder.
  4. Dorofeev, V.K., M.G. Blagovesjtsjnskij, A.N. Smirnov og V.I. Usjakov, 1999, New Siberian Islands. Geological structure and metallgeny. VNIIOkeangeologia, St. Petersburg, Russland. s. 130. (russisk)
  5. 5,0 5,1 Armstrong, A., 1857, A Personal Narrative of the Discovery of the North-west Passage : With numerous incidents of travel og adventure during nearly five years' continuous service in the Arctic regions while inhavetrch of the expedition under Sir John Franklin. Hurst og Blackett Forlag s, London, England. s. 616
  6. Taylor, R. C., 1848, Statistics of Coal: The Geographical og Geological Distribution of Mineral Combustibles or Fossil Fuel or Mineral Combustibles or Fossil Fuel. J. W. Moore, Philadelphia, Pennsylvania. s. 754
  7. 7,0 7,1 von Toll E., 1890, Tertiire Pflanzen der Insel Neu-Sibirien. In J. Schmalliausen, ed., Wissenflschaftliche Resultate der von der kaiserlichen Akademie zur. Erforschung des Jana-Landes u.s,w, ausgesandten Expedition, II, Mérn. Acad. Imp. Sci. Saint-Pétersb., 1890, 7e sér. XXXVII, no. 5.
  8. 8,0 8,1 Kropotkin, P., 1900, Hurst and Blackett Review: Baron Toll on New Siberia and the Circumpolar Tertiary Flora. The Geographical Journal. vol. 16, no. 1, s. 95-98.
  9. von Toll, E. og P. Kropotkin, 1989, Proposal for an Expedition to Sannikoff Land. The Geographical Journal. vol. 12, no. 2, s. 162-172.
  10. Klubov, B.A., A.A. Korsjunov og I.G. Badera, 1976, New data on coal measures of Novaya Sibir' Island, New Siberian. Transactions Doklady of the U.S.S.R. Academy of Sciences: Earth Science Sections. vol. 231, no. 1-6, s. 58-60.
  11. CAVM Team, 2003, Circumpolar Arctic Vegetation Map. Skala 1:7,500,000. Conservation of Arctic Flora og Fauna (CAFF) Map No. 1. U.S. Fish og Wildlife Service, Anchorage, Alaska.
  12. Mills, W. J., 2003, Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia. ABC CLIO Forlag s, Oxford, United Kingdom.

Koordinatar: 75°05′14″N 148°27′30″E