Vilkitskijøya i Aust-Sibir-havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Delong1.PNG

Vilkitskijøya (russisk Oстров Вилькицкого; Ostrov Vilkitskogo) er den sørlegaste av De Long-øyane nord i Aust-Sibir-havet i Russland. Med eit areal på berre 1,5 km² er ho den minste øya i gruppa. Ho ligg òg bortanfor det permanente isdekket og er isfri. Vilkitskijøya består av djupt erodert nefelin basaltlava[1]

Administrativt høyrer Vilkitskijøya til republikken Sakha

Plasseringa til De Long-øyane.

Øya må ikkje forvekslast med Vilkitskijøya i Karahavet, med Vilkitskijøyane (stort sett kalla Dzjekmanøya i dag) som er ein del av Nordenskiöldøyane i Karahavet, eller Vilkitskijøya i Laptevhavet som ligg aust for Tajmyrhalvøya.

Alle desse øyane er kalla opp etter den russiske hydrografen Boris Vilkitskij.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vilkitskijøya vart oppdaga i 1913 under den russiske arktiske hydrografiske ekspedisjonen som var leia av Boris Vilkitskij på isbrytarane «Tajmyr» og «Vajgatsj».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fujita, K. og D.B. Cook, 1990, The Arctic continental margin of eastern Siberia, i A. Grantz, L. Johnson og J. F. Sweeney, eds., s. 289-304, The Arctic Ocean Region. Geology of North America, vol L, Geological Society of America, Boulder, Colorado.
  2. Starokadomski, L.M. og O.M. Cattley, 1919, Vilkitski's North-East Passage, 1914-15. The Geographical Journal. vol. 54, no. 6, s. 367-375.