Rudolf Breitscheid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rudolf Breitscheid
SBZ Mecklenburg-Vorpommern 1945 20 Rudolf Breitscheid.jpg
Fødd2. november 1874
Köln
Død28. august 1944
Buchenwald
NasjonalitetTyskland
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands, Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands, Freisinnige Vereinigung, Nationalsozialer Verein
Yrkepolitikar, journalist

Rudolf Breitscheid (2. november 187424. august 1944) var ein leiande tysk politikar i det sosialdemokratiske partiet SPD og delegat til riksdagen under Weimar-republikken Tyskland.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Breitscheid var son av ein bokhandlar i Köln. Han tok gymnas i heimbyen, og studerte sidan økonomi ved universiteta i München og Marburg. Han tok doktorgrada i 1898. Frå 1898 til 1905 arbeidde han som redaktør og korrespondent for aviser med liberalt grunnsyn. Mellom 1903 og 1912 var han med i liberale politiske grupper, men slutta seg dette året til SPD. I 1917 gjekk han vidare til det meir venstreorienterte USPD, som bestod av krigsmotstandarar frå SPD.

Otto Braun og Rudolf Breitscheid.

Etter kløyvinga av USPD, var Breitscheid med i den gruppa som i 1922 gjekk tilbake til SPD. Han var riksdagsmann, SPD-gruppa sin talsmann i utanrikssaker, og medlem i den tyske delegasjonen til Folkeforbundet.

Etter at Adolf Hitler og nazistane kom til makta i 1933, måtte Breitscheid rømme til Frankrike. I 1941 vart han der arrestert av Gestapo og internert i den illgjetne konsentrasjonsleiren Buchenwald.

Presise detaljar om Breitscheid sine siste år er vanskeleg å få tak i, då mesteparten av informasjonen kjem frå nazi-kjelder. Ifølgje desse døydde Breitscheid og KPD-leiaren Ernst Thälmann i eit bombeåtak. Når det gjeld Thälmann er dette ikkje rett, så det kan vere like feil i Breitscheids tilfelle. Han kan liksom Thälmann ha vorte drepen på ordre frå høgste hald. Iallfall døydde han i ein nazistisk konsentrasjonsleir, så det er klart kor ansvaret for dødsfallet ligg.

I dag er ein plass i sentrum av Berlin oppattkalla etter Breitscheid, og i Kaiserslautern, Potsdam, Cottbus, Leverkusen og Dresden er det gater som ber namnet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]