Rudolf Peersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rudolf Peersen
Fødd 28. april 1868

Kristiansand

Død 5. februar 1949
Parti Venstre

Rudolf Elias Peersen (28. april 18685. februar 1949) var ein norsk jurist og Venstre-politikar. Han var Noregs forsvarsminister i 1919 og stortingsrepresentant i periodane 1913-18 og 1931-36.

Peersen var fødd i Kristiansand, far hans var skipper. Sjølv vart han student i 1888 og cand.jur. i 1892. 1893-94 var han tilsett som den fyrste heiltids landssekretæren i Norges Venstreforening. Sidan var han overrettssakførar i heimbyen, høgsterettsadvokat 1912. Han var sekretær i likningskommisjonen 1895-1912. Frå 1916 var han byfut i Kristiansand, sorenskrivar i Torridal 1922-38. Peersen var medlem av bystyret i Kristiansand 1905-07 og frå 1911, ordførar i byen 1937-40 og i 1945.

Peersen var 1913-18 stortingsrepresentant frå Baneheia krins og 1931-36 for krinsen Kristiansand, Mandal, Flekkefjord, Stavanger og Haugesund. Frå 1913 til -18 var han formann i sosialkomiteen, 1931-36 medlem av same. Valbolken 1937-40 var han 1. varamann for same valkrinsen, møtte fleire gonger nokre få veker omm gongen. Mellom anna møtte han i 1940 frå 1. april til 9. april. Peersen var forsvarsminister i Gunnar Knudsens andre regjering frå 20. februar 1919, til han 16. juni same året gjekk av etter å ha avslørt offentleg at formålet med å styrke garnisonen i Kristiania var innanrikspolitisk grunngjeve.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]