Sexsymbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marilyn Monroe var eit sexsymbol kjend frå Hollywood[1]
Elvis Presley, rockestjerne og sexsymbol.

Sexsymbol er ein kjend person som er rekna som særs seksuelt tiltrekkande og glamorøs.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet sex symbol oppstod på engelsk på 1950-talet for å forklara populariteten til visse filmstjerner, som Marilyn Monroe og Brigitte Bardot.[3] Liknande kvinnetypar kan førast tilbake til eldre uttrykk som vamp og femme fatale. Men det nye omgrepet kan sjåast i samanheng med endringar i kjønnsroller, seksualitet og andre samfunnsnormer som fann stad i USA og andre stader i etterkrigstida.[4]

I tillegg til ei rad kvinner kan ein også finna mannlege sexsymbol frå heile 1900-talet, som skodespelarane Sessue Hayakawa, Douglas Fairbanks og Rudolph Valentino på 1910- og 1920-talet, Errol Flynn, Gary Cooper og Clark Gable på 1930-talet, Kirk Douglas, Burt Lancaster og Cary Grant på 1940-talet og «rebellar» som Elvis Presley, James Dean og Marlon Brando på 1950- og 1960-talet.[5]

Oppdikta sexsymbol[endre | endre wikiteksten]

Sexsymbol treng ikkje vera verkelege personar. Teiknefilmfiguren Betty Boop frå 1930-talet er blitt kalla det første og best kjende sexsymbolet frå animasjonsfilmen.[6] I Who Framed Roger Rabbit frå 1988, som inneheld både animerte og verkelege skodespelarar, blir Jessica Rabbit (med røyst av Kathleen Turner) presentert som eit overveldande sexsymbol.[7] I data- og videospel finst òg ein del figurar som er blitt oppfatta som sexsymbol, til dømes Lara Croft.[8][9][10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BBC World Service - Witness, The Death of Marilyn Monroe». BBC. Henta 30 December 2014. 
  2. OED Online (Oxford University Press), September 2016 http://www.oed.com/view/Entry/176989?redirectedFrom=sex+symbol, henta 27. november 2016  Missing or empty |title= (hjelp); |contribution= ignored (hjelp)
  3. Flexner, Stuart Berg; Soukhanov, Anne H. (1997). Speaking freely: a guided tour of American English from Plymouth Rock to Silicon Valley. Oxford University Press. s. 373. ISBN 0-19-510692-X. 
  4. Pam Cook, «The trouble with sex: Diana Dors and the Blonde bombshell phenomenon». I: Bruce Babinigton (red.), British Stars and Stardom: From Alma Taylor to Sean Connery, pp. 169-171. Sitat: «the sex symbol is usually defined in terms of her excessive sexuality»
  5. Weinberg, Thomas S.; Newmahr, Staci, red. (2014). Selves, Symbols, and Sexualities: An Interactionist Anthology: An Interactionist Anthology. Los Angeles: SAGE Publications. ISBN 1483323897. 
  6. «Betty Boop: Boop Oop a Doop». Rottentomatoes.com. Henta 30 December 2014. the first and most famous sex symbol on animated screen 
  7. «Amanda Knox Is Like Jessica Rabbit». Sky News. September 27, 2011. 
  8. Barboza, David (19 January 1998). «Video World Is Smitten by a Gun-Toting, Tomb-Raiding Sex Symbol». The New York Times. 
  9. «Channel 4 Top 100 Sex Symbols internet poll». Channel4.com. Henta 2012-05-18. 
  10. «Boom Raider». Telegraph (London). Henta March 5, 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Donna Leigh-Kile, Sex Symbols, Random House Inc, Aug 28, 1999, ISBN 188331951X