Rune Velta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rune Velta
FIS Sommer Grand Prix 2014 - 20140809 - Rune Velta 1.jpg
Fødd 19. juli 1989
Bærum
Rune Velta på Commons
Rune Velta i 2014

Rune Velta (fødd 19. juli 1989) er ein norsk skihoppar som er medlem av Lommedalen Idrettslag. Han vann sølvmedaljen i VM i skiflyging 2012 i Vikersund.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Velta debuterte i verdscupen i mars 2010 i Holmenkollbakken, utan å kvalifisere seg til andreomgangen. Same sesongen var han på Akershus sitt lag som vann NM-gull i lagkonkurransen i Vikersund i 2010.

Den 17. desember 2010 hoppa Velta til ein niandeplass i eit verdscuprenn i Engelberg. Dette var hans beste plassering i verdscupen fram til 15. januar 2012, då han vart nummer 8 i eit skiflygingsrenn i Bad Mitterndorf i Tyskland.

I treningshoppa i Vikersundbakken før skiflygings-VM 2012 viste han sterk og stabil hoppform. Den 25. februar 2012 vann Velta sølvmedaljen i verdsmeisterskapen i skiflyging i Vikersund. I andre og siste omgang hoppa han 234,5 meter og enda med 405,7 poeng, nøyaktig tre poeng bak verdsmeisteren Robert Kranjec frå Slovenia. Dagen etter sette Velta personleg rekord med 243 meter i lagtevlinga i VM.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2010/11: Nr 9 i Engelberg
  • 2012: Sølvmedalje i VM i skiflyging i Vikersund
  • 2013: Nr 3 i Wisla
  • 2015: Gullmedalje i Ski-VM i Falun - normalbakke
  • 2015: Sølvmedalje i Ski-VM i Falun - normalbakke mix lag
  • 2015: Bronsemedalje i Ski-VM i Falun - stor bakke individuelt

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2010: Nr 6 i normalbakken i Vikersund
  • 2011: Sølvmedalje i normalbakken i Sprova
  • 2012: Nr 16 i normalbakken på Voss
  • 2013: Sølvmedalje i storbakken på Rena

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]