Hopp til innhald

Russell på New Zealand

Koordinatar: 35°16′S 174°07′E / 35.267°S 174.117°E / -35.267; 174.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. september 2011 kl. 13:18 av 178.232.241.240 (diskusjon)
Russell på New Zealand is located in New Zealand
Russell i Bay of Islands
Russell i Bay of Islands

Russell, tidlegare kalla Kororareka, var den første permanente europeiske busetnaden og hamnebyen på New Zealand. Han ligg i området Bay of Islands i regionen Northland, nord på Nordøya. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet 816, ein auke på berre 12 frå teljinga i 2001. [1] Saman med talet på tilreisande og tilfeldig overnattande ligg folketalet på vel 1100. Mange av bustadane i området er brukte som fritidsbustader og til turistføremål.

Historikk

Māoriopphav

europeiske og amerikanskeskip byrja å reisa til New Zealand tidleg på 1800-talet, skjøna dei innfødde māoriane at det kunne liggja store føremunar i å handla med desse framande.

I Bay of Islands var det ei rekkje trygge ankringsstader og ein stor māoripopulasjon. For å trekkja til seg skip, byrja māoriane å forsyna dei med matvarer og tømmer. Det dei venta attende var respekt, skytevåpen, alkohol og andre europeiske handelsvarer.

Kororareka voks og utvikla seg som følgje av denne handelen, men fekk snøgt eit svært dårleg rykte som eit lovlaust samfunn, fullt av prostitusjon og drukkenskap, og vart kjend som «the Hell Hole of the Pacific» («Helvetshola i Stillehavet»).[2]. Europeiske lover hadde hadde ingen innverknad her, og māorilover vart sjeldan handheva innanfor byområdet.

Hovudstaden på New Zealand

Ved år 1840 hadde Russell vorte eit viktig handelssenter, og byen var ei vital forsyningshamn for kval- og selfangarar. Då den newzealandske kolonien vart grunnlagd dette året, var guvernør William Hobson motviljug til å peika ut Kororareka som hovudstad på grunn av det dårlege ryktet byen hadde. I staden kjøpte han land ved Okiato, sju km lenger mot sør, og gav denne staden namnet Russell til ære for koloniministeren, lord John Russell. Eit år seinare vart hovudstaden flytta til Auckland, etter ordre frå dei Australia-baserte britiske kolonistyresmaktene.[2]

I byrjinga av «Flaggstongkrigen» i 1845 (utløyst av den gjentekne fellinga og oppattsetjinga av symbolet på britisk herredøme, flaggstongaFlagstaff Hill ovanfor byen), vart byen Kororareka / Russell plyndra av māorihøvdingen Hone Heke, som ved avleiingsmanøvrar dreiv bort dei britiske forsvararane. Flaggstonga vart felt for fjerde gong, og innbyggjarane flykta om bord på britiske skip, som så bombarderte byen og øydela dei fleste av husa.[3]

Russell i moderne tid

Kororareka var ein del av hamneområdet til Russell, og etter at Russell (Okiato) i røynda var fråflytta, vart gradvis Kororareka også kjent som Russell. I januar 1844 innlemma guvernør Robert FitzRoy offisielt Kororareka som ein del av byområdet til Russell. I dag gjeld namnet Russell berre Kororareka, medan den tidlegare hovudstaden er kjend under anten det opphavlege namnet sitt, Okiato, eller Old Russell.

Russell er no mest ein turiststad med restaurantar, kaféar, gåvebutikkar og ulike stader for overnatting. I områda kring er det reist mange kostbare fritidsbustader, likeeins den mest kostbare overnattingsstaden på New Zealand, Eagles Nest.[3]

Bilferja over Bay of Islands, hovudturistvegen til Russell, går mellom Okiato og Opua.

Referansar

  1. http://www.stats.govt.nz/NR/rdonlyres/8CEB26B4-657F-4722-8333-161FCCE4EAC0/0/FarNorthDistrict.xls
  2. 2,0 2,1 Whykickamoocow - curious New Zealand place names - McCloy, Nicola, Random House New Zealand, 2006
  3. 3,0 3,1 Russell (frå Lonely Planet New Zealand, 13. utgåve, september 2006.

Bakgrunnsstoff

35°16′S 174°07′E / 35.267°S 174.117°E / -35.267; 174.117