Det russiske forsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Russlands forsvar)
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Våpenskjoldet til Russlands forsvar

Det russiske forsvaret, eller Dei væpna styrkane til den russiske føderasjonen (russisk Вооружённые Си́лы Росси́йской Федера́ции) er militærvesenet i Russland, sist etablert etter oppløysinga av Sovjetunionen. 7. mai 1992 etablerte Boris Jeltsin det russiske forsvarsdepartementet og plasserte alle styrkar i dei tidlegare sovjetiske væpna styrkane i Russiske SFSR under russisk kontroll.[1]

Øvstkommanderande er den russiske presidenten, for tida (2017) Vladimir Putin. Regjeringa er ansvarleg for at styrkane er i den beredskap som vert krevd. Parlamentet (Statsdumaen) øver lovgivande makt gjennom regjeringa. Administrasjon av militærvesenet vert styrt av forsvarsdepartementet, medan generalstaben har operative oppgåver.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Militærparade i Moskva på seiersdagen 9. mai 2010, det vil seia frigjøringsdagen 65 år etter Den store fedrelandkrigen (andre verdskrig aust i Europa).

7. mai 1992 signerte Boris Jeltsin dokumentet som etablerte Russlands væpna styrkar, ein prosess som starta når russiske soldatar utstasjonert i dei tidlegare sovjetrepublikkane og andre land (slik som Gruppa av sovjetiske stridkrefter i Aust-Tyskland, der dei fleste var) vart trekt tilbake til russisk territorium.

Omtrent 30 divisjonar med infanteri, stridsvogner og luftbårne styrkar, over 50 brigadar med artilleri og luftvern og over 60 regiment med luftstridkreftar vart returnert tilbake til Russland i dei påfølgjande to åra. Over 45 000 einingar med tyngre våpen og nesten fire millionar tonn strategiske reserver vart òg trekt attende. Dette vart den største militære omdisponeringen i historia.

Heilt sidan Sovjetunionen hadde brote saman hadde russiske leiarar diskutert korleis dei skulle få til eit einskapleg og truverdig forsvar ut av restane av dei tidlegare sovjetiske styrkane. Den nye russiske doktrinen kravde eit mindre, lettare og meir mobilt forsvar, med høgare grad av verva og større evner til å raskt mobilisera.

Den svake russiske økonomien på 1990-talet gjorde reformer og modernisering vanskeleg. Forsvarsbudsjettet var lågt, noko som førde til kutt i trening, reduksjonar i løn og bustadsmangel for militært personell. Dette gjekk hardt utover moralen og effektiviteten i forsvaret, men auka budsjett dei siste åra har gjort lite for å betra situasjonen.

Då Putin tok over presidentskapet i 2000 var tilstanden til det russiske forsvaret omtrent det same som når Sovjetunionen kollapsa. Mykje av utstyret var minst eit tiår gammalt, og berre delar av dette kunne framleis kallast effektivt. Korrupsjon var òg eit problem, og den første Tsjetsjeniakrigen tappa reservar og utstyr frå forsvaret. Putin sjølv karakteriserte militærvesenet på den tida som «eit tungrodd og ekstragavant militærapparat». Militær- og politivesenet på den tida brukte over ein tredjedel av budsjettet til nasjonen. I Putins første term vart forsvaret omorganisert, og redusert i storleik med opp til 30%.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsdepartementet er administrativ leiing for dei militære styrkane. Sidan sovjettida har generalstaben fungert som operativ leiing, men for tida [2016] er generalstaben redusert til å vera avdelinga til departementet for militær planlegging, og ministeren sjølv har større operativt ansvar for styrkane. Andre avdelingar innan departementet inkluderer personalavdeling, avdeling for forsyning, avdeling for jarnbanestyrkar og avdeling for ingeniørstyrkar. Sjef for generalstaben er for tida (2016) armégeneral Valerij Gerasimov.


Styrkane er per 2016 inndelt i fire militærdistrikt pluss Det nye ansvarsområdet til nordflåten.
██ Vestre militærdistriktstab i St. Peterburg; ██ Nordflåtenstab i Severomorsk; ██ Søndre militærdistrikt — stab i Rostov-na-Don; ██ Sentrale militærdistrikt — stab i Jekaterinburg; ██ Østre militærdistrikt — stab i Khabarovsk.

Utvikling i mengd divisjonar og personell i russiske landstridskrefter sidan 1992[endre | endre wikiteksten]

Mengd einingar på storleik med divisjon og mengd personell innan russiske landstyrkar
År Mengd divisjonar Personellmengd
1992 103[2] 1 400 000
1993 87 1 000 000[3]
1994 74 780 000[4]
1995 68—71[5] 650 000—670 000
1996 61—69 460 000[6]
1997 57 420 000
1998 33[7] 420 000
1999 29 348 000
2000 31 348 000
2001 30 321 000
2005 29 321 000
2007 27 322 000
2008 24[8]
2009 21 [9] 395 000 [10]
2012 2 [11] 305 000 [12]
2016 3[13] 240 000[13]
2017 8[14][K 1] 270 000

Våpengreiner[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Greg Austin og Alexej Muravjev
  2. P. 97.
  3. P. 99.
  4. Marcel dei Haas.
  5. Russian Army Equipment
  6. Western Military Balance and Defense Efforts.
  7. The Armed Force sin of Russia in Asia
  8. http://www.odnako.org/almanac/material/novaya-armiya-novoy-rossii/
  9. The Military Balance, 2009. P. 217-218.
  10. The Military Balance, 2009. P. 217-218.
  11. The Military Balance, 2012. P. 193.
  12. The Military Balance, 2012. P. 193.
  13. 13,0 13,1 The Military Balance 2016, p.190
  14. Пресс-служба Южного военного округа (07.12.2016). «В ЮВО на территории Чечни завершается формирование 42-й мотострелковой дивизии» (på ru). Mil.ru. http://structure.mil.ru/structure/forces/ground/news/more.htm?id=12105840@egNews. Henta 2016-12-08. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det russiske forsvaret


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «K», men inkje samsvarande <references group="K"/>-merke vart funne