Hopp til innhald

Rørosmartnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opninga av Rørosmartnan 20. februar 2007. Ein ser ut over malmplassen der fôrbøndene kjem med hest og slede. Nokon av dei heilt frå Falun i Dalarna i Sverige, og turen har tatt inntil 17 døgn. Det kom om lag 90 hestesledar denne dagen. I tidlegare tider har det vore opptil 1500 sleder på martnan, og det det har vore omsett 10 000 skinn. Ein ser Bergstadens Ziir til venstre og den gjenoppbygde smeltehytta til høgre.
Rørosmartnan i 25 minusgrader 25. februar 2001

Rørosmartna er ein årleg marknad og kulturskipnadRøros som finn stad frå den nest siste tysdagen i februar og varer fram til følgande laurdag.[1]

I regel kjem det omlag 70 000 og 80 000 besøkande og marknaden er difor viktig for Røros og omlandet.[2] På opningsdagen kjem om lag 80 hestesleder med tilreisande frå Sverige og fjellbygdene omkring.

Røros Kobberverk hadde opphavleg monopol på all handel i Bergstaden. På 1700-talet slutta ein å handheve dette monopolet ettersom det var umogleg å stoppe den frie omsetninga av varer. I 1801 fekk nokon få kjøpmenn på Røros tillating til å drive med handel, mot avgift. Men den ulovlege handelen på Røros bare auka. I 1842 vart det slutt på handelsprivilegiuma til kjøpmennene, som på mange måtar var meiningslause når til og med verkseigarane handla på si. Etter mange års påtrykk frå Røros kommune til Indredepartementet, blei den første Rørosmartnan i historia halden i 1854.

Marknaden har historie frå ein kongeleg resolusjon frå 1853:[3]:

Fra 1854 af skal der i Røros afholdes et Marked, der begynder næst siste tirsdag i Februar Maaned og varer til den påfølgende Fredag.

I 1855 blei marknaden vitja av eit par tusen menneske, stort sett frå dei næraste distrikta i tillegg til Gudbrandsdalen, Hedmark og Sverige. Døme på varer som blei omsette var skinn, korn og mjøl, fisk, lin og hestar.[4][5] Fordi det kom så pass mange folk, fann styresmaktene det nødvendig å ha militæret tilstades som ordensvakt.[6]

Det eksisterte eit naturleg grunnlag for Rørosmartnan i regionen, då folk kom for å kjøpe og selje produkta sine som gav eit verdifullt bidrag i økonomien. Av den grunn utvikla Rørosmartnan seg av seg sjølv den fyrste tida, utan planlegging og reglement.[7] Frå tidleg av eksisterte det marknadsavgift som bueigarane måtte betale. Det var oppgåva til politiet å kreve inn avgifta, noko som kan reknast som ein organiserande funksjon.[8] Ekstra vakthald blei nødvendig for å oppretthalde ro og orden under martnan, og vaktene blei finansierte gjennom avgifta.

Men handelen på Rørosmartnan var dalande rundt 1874, og etter søknad blei det ved Kongelig resolusjon bestemt 29. februar i 1877 at martnan skulle opphevast frå og med 1878.[9][10] Mange meinte også at opninga av Rørosbanen skulle gjere Rørosmartnan overflødig, men jernbanen starta derimot eit oppsving for martnan ved å føre med seg fleire folk og varer frå nye kantar, og ein ny resolusjon vedtok at den tidligare resolusjonen om nedlegging ikkje skulle tre i kraft.[11][12] Etterkvart såg ein at organiseringsforholda endra seg då det lokale næringslivet fekk større interesse i Rørosmartnan. Fyrst etter andre verdskrigen oppstod det ei form for martnaskomité som planlegg arrangementet. Det var blant anna nokre medlemmar av Røros Kjøpmannsforening som gjekk saman [13]

Interessa for Rørosmartnan var igjen dalande utover 1960-talet, så tok Røros Turist- og Reiselivslag (no Opplev Røros AS) over heile arrangementet med fleire representantar frå handelsstanden og kommunen og fekk sakte men sikkert interessa for arrangementet tilbake.[6]

Utvikling på 2000-talet

[endre | endre wikiteksten]

Rørosmartnan har vokse sidan den kongelige resolusjonen slik at laurdag også har vorte martnasdag. Siden den gongen vert det handla med alle slags varer, og det har blitt fleire og fleire salgbuer kvart år. Inne på kafear og lokale vert det spela gamal dansemusikk frå tidleg på dagen til seint på natta.

I 2015 blei det gjort ei uoffisiell utrekning av talet på vitjande, og arrangørane gjekk ut frå at så mange som 80 000 menneske hadde besøkt Rørosmartnan fra 17. til 21. februar det året.[14]

Opningsseremoni

[endre | endre wikiteksten]

Rørosmartnan har ofte hatt prominente gjestar til å halde opningstalen.

År Person Rolle
2024 Jonas Gahr Støre Norsk statsminister
2023 Tore O. Sandvik Fylkesordfører Trøndelag fylke 2018-2023
2022 Avlyst på grunn av Covid-19
2021 Avlyst på grunn av Covid-19
2020 Iselin Nybø Norges næringsminister
2019 Hanna Geiran Riksantikvar 2018 -
2018 Axel Wernhoff Sveriges ambassadør i Norge 2014-2018
2017 Linda Hofstad Helleland Norges kulturminister 2015-2018
2016 Cathrine Pia Lund Direktør for merkevaren Norge
2015 Tine Sundtoft Statsråd
2014 Hans Vintervold Ordførar i Røros kommune
2013 Torbjørn Røe Isaksen
2012 Per Edgar Kokkvold Journalist og generalsekretær i Norsk Presseforbund
2011 Erling Aas-Eng Ordførar i Tolga kommune
2010 Jørn Holme Riksantikvar 2009 - 2018
2009 Heidi Sørensen Statssekretær i Miljødepartementet 2007-2012
2008 Åse Kleveland Kulturminister i Norge 1990-1996
2007 Tore O. Sandvik Fylkesordfører i Sør-Trøndelag fylke 2003-2018
2006 Eva Zätterlund Medlem av Forbonden Kløvsjø
2005 Jens Stoltenberg Arbeiderpartiets parlamentariske leiar 2001-2005
2004 Marvin Wiseth konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sparebank 1 SMN.
2003 Kåre Gjønnes Fylkesmann i Sør-Trøndelag
2002 Torbjørn Berntsen Tidligare miljøvernminister
2001 Paul Ottar Haga Norsk skodespelar
2000 Stephan Tschudi Madsen Riksantikvar
  1. «Program», rorosmartnan.no (på norsk), henta 27. september 2024 
  2. Kleven, Rita (21. februar 2015), «80.000 besøkende på Rørosmartnan», NRK (på norsk bokmål), henta 27. september 2024 
  3. «Historien», rorosmartnan.no (på norsk), henta 1. oktober 2024 
  4. «Historien», rorosmartnan.no (på norsk), henta 27. september 2024 
  5. «Rørosmartnan - Bergstaden Røros og Kobberverket», www.bergstaden.org, henta 27. september 2024 
  6. 6,0 6,1 «Historien», rorosmartnan.no (på norsk), henta 27. september 2024 
  7. Steinar Lie (06.12.1976). Rørosmartnan - en lokal kulturtradisjon. 
  8. Steinar Lien (06.12.1976). Rørosmartnan - en lokal kulturtradisjon. 
  9. «Martna før i tiden - Bergstaden Røros og Kobberverket», www.bergstaden.org, henta 27. september 2024 
  10. Steinar Lien (06.12.1976). Rørosmartnan - en lokal kulturtradisjon. 
  11. «Martna før i tiden - Bergstaden Røros og Kobberverket», www.bergstaden.org, henta 27. september 2024 
  12. Steinar Lien (06.12.1976). Rørosmartnan - en lokal kulturtradisjon. 
  13. Steinar Lien (06.12.1976). Rørosmartnan - en lokal kulturtradisjon. 
  14. Kleven, Rita (21. februar 2015), «80.000 besøkende på Rørosmartnan», NRK (på norsk bokmål), henta 2. oktober 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]