Linda Hofstad Helleland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linda Hofstad Helleland
none  Linda Hofstad HellelandFoto: Kjetil Ree
Linda Hofstad Helleland
Foto: Kjetil Ree
Fødd 26. august 1977 (40 år)

Klæbu

Parti Høgre
1. verv Norsk kulturminister
 - periode 16. desember 2015–
 - regjering Solberg
 - føregjengar Thorhild Widvey
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 2001–2009 (vara), 2009– (fast)
 - valkrins Sør-Trøndelag
3. verv Visepresident i World Anti-Doping Agency
 - periode 20. november 2016–
 - føregjengar Makhenkesi Stofile

Linda Cathrine Hofstad Helleland (fødd 26. august 1977 i Klæbu) er ein norsk politikar frå Høgre og kulturminister i regjeringa Solberg frå 16. desember 2015.

Ho var 1. vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag fylke frå 2001 til 2009, og møtte fast for Børge Brende frå 2001 til 2005 mens han sat i regjering. Helleland møtte igjen fast etter at Brende i 2008 vart samtykka i permisjon for å arbeide som direktør i Verdas økonomiske forum. I 2009 vart ho valt inn på Stortinget på eige mandat.

Helleland har examen artium frå 1997, og studerte ved NTNU frå 1998 til 2000. Ho arbeidde som sekretær i Sør-Trøndelag Høgre frå 1997 til 1998. I yrkeslivet har ho erfaring som servitør og deretter pleieassistent, inntil ho vart valt inn på Stortinget. Helleland var medlem av Trondheim bystyre frå 1999 til 2001, og leiar av Høgres kvinneforum frå 2004 til 2010.

Ho er gift med stortingsrepresentant Trond Helleland frå Buskerud.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]