Valkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minne om valet i 1814, plakett på portstolpen ved Vang kyrkje på Hedmarken.

Valkyrkje, bokmål valgkirke er eit omgrep nytta om dei kyrkjene som blei brukte som vallokale under valet til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.[1] Kyrkjene vart nytta fordi dei var det naturlege sentrum for det offentlege liv dei fleste plassar i landet, og fordi prestegjelda var grunneininga i valordninga.

Ein del av kyrkjene er bevart. I jubileumsåret 2014 gjekk Riksarkivet og Riksantikvaren saman om merking med blå plakettar og opptrykk av faksimile av adresse og fullmakt til desse kyrkjene.

Mange av kyrkjene har gått tapt sia 1814. Nokon har brunne, men flesteparten av dei som er borte er rivne og erstatta av nye kyrkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aura Avis publisert 22.2.2014, lest 18.5.2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]