Sølvdukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølvdukkar
Sølvdukkar
Sølvdukkar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiing av den sørlege underarten[1] ██ Overvintringsområde██ Hekkeområde██ Alle årstider
Utbreiing av den sørlege underarten[1] ██ Overvintringsområde██ Hekkeområde██ Alle årstider
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Sølvdukkar P. occipitalis
Vitskapleg namn
Podiceps occipitalis

Sølvdukkar (Podiceps occipitalis) er ein medlem av dukkarfamilien med utbreiing i Sør-Amerika og Falklandsøyane. Det er ein relativt liten og for det meste grå dukkar, den minste i den biologiske slekta Podiceps.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sølvdukkaren når ein kroppsstorleik mellom 25 og 28,5 centimeter. Vekta varierer mellom 340 og 400 gram.[2] Dette er ein ganske korthalsa art med eit lite, konisk nebb. Fjørdrakta er stort sett lys skifergrå med mørkare overside enn kroppssider og mørk, skifergrå hette. Fjørene er relativt lange, noko som gir sølvdukkaren eit noko oppblåst utsjånad. Fjørene på sidene av hovudet er noko lengre i hekkedrakta og dannar dust som glitrar i ei koparaktig farge. Bakhalsen er svart og endar i eit tynnt strek. Halsen er elles kvit. Kroppssidene og flankane er kvitaktige med små mørkegrå flekker. Undersida av kroppen er kvit. Auga er klårt oransjeraude, nebbet er svart. Beina og føtene er svarte.

Arten er inndelt i to underartar, men mellom anna Birdlife International handsamar dei som to artstakson. Dette er to populasjonar som lever totalt åtskilde:

  • P. o. juninensis, (von Berlepsch & Stolzmann, 1894), frå sørlege Colombia, gjennom sentrale Andes sør til nordvestre Argentina og nordlege Chile. Dei lever vanlegvis i puna økoregion 3000-5000 moh., men i Peru kan dei gå heilt ned til havnivå. Dette er standfuglar.
Denne underarten hekker berre på ferskvasssjøar, nokre gongar i store kolonier med reir på flytematter av vegetasjon.[2]
  • P. o. occipitalis, (Garnot, 1826), hekkar frå Eldlandet i sør til Córdoba-provinsen i Argentina og sørlege Chile i nord. Dei finst dessutan på Falklandsøyane. Hekkehabitatet er innsjøar og små tjørner, oftast under 1300 moh. Vatnet kan vere lett alkalisk. Dette er i stor grad trekkfuglar som kan overvintre på saltsjøar og på havet, dei kan trekke så langt nord som inn i Paraguay. Fuglane på Falklandsøyane beitar i tarebeltet vinterstid.[2]

Føda til sølvdukkaren er hovudsakleg små leddyr slik som insekt og biller, dessutan små krepsdyr og småfisk.[2]

Status[endre | endre wikiteksten]

Den nordlege underarten har hatt stor tilbakegang i populasjon og utbreiing, og er klassifisert som nær truga.[3] Populasjonen av den sørlege underarten er òg minkande, men har fått status livskraftig hos Birdlife International.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger i ei viss grad på «Inkataucher» frå Wikipedia på tysk, den 6. juni 2022.
  • del Hoyo, J., F. Llimona, N. Collar, F. Jutglar, E. F. J. Garcia, G. M. Kirwan, og A. Bonan (2020). Silvery Grebe (Podiceps occipitalis), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.silgre1.01
Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps occipitalis. Henta 6. juni 2022
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 del Hoyo et al. (2020)
  3. BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps juninensis. Henta 6. juni 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sølvdukkar