SS «Skomvær»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
SS «Skomvær»
Stålbark Skomvær 01.jpg
Karriere
Byggherre: J. C. & G. Knudsen i Porsgrunn
Verft: Laxevaags Maskin- og Jernskibsbyggeri i Bergen
Sjøsett: 23. april 1890
Lagnad: Opphoggen 1924
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 1775 tonn
Daudvekt: 2640 tonn
Lengd: 76 m
Mannskap: 23

SS «Skomvær» er den største seglskuta, og den første som vart bygd i stål, i Noreg. Tidlagare vart jarnskip bygde av støypejarnplater. Til «Skomvær» vart det brukt plater med kontrollert karboninnhald.

SS «Skomvær» vart bygd hjå Laxevaags Maskin- og Jernskibsbyggeri i Bergen for reiarlaget J. C. & G. Knudsen i Porsgrunn. Skipet vart teikna av Randulf Hansen. Konstruksjonn hans vart noko endra av skipreiar Gunnar Knudsen, slik at lastekapasiteten vart auka med 50 tonn. Sjøsettinga var 23. april 1890. «Skomvær» vart rigga som bark, og hadde 23 manns besetning. Skuta fekk namn etter Skomvær fyr.

I 1915 var «Skomvær» seld til O.C. Axelsen i Flekkefjord. Og i 1917 vidare til S.O. Stray i Kristiansand, største seglskutereiarlaget i Noreg. Etter å ha hamna i opplag i 1922 vart ho opphoggen i 1924.

SS «Skomvær» har i ettertid vorte kjend gjennom visa Skomværvalsen av Erik Bye og Bjarne Amdahl. Seglskuta har og gjeve namn til redningsskøytene «Skomvær II» og «Skomvær III».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Winge: Norske skip. Oslo 2006