Sam Bush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sam Bush
Sam Bush Mandolin.jpg
Sam Bush i juni 2012.
Fødd13. april 1952 (69 år)
FødestadBowling Green i Kentucky i USA
FødenamnCharles Samuel Bush
OpphavUSA
AktivSidan 1963
SjangerProgressiv bluegrass
InstrumentMandolin, fele, banjo, gitar
Tilknytte artistarBluegrass Alliance, New Grass Revival, Strength in Numbers, Nash Ramblers, Telluride House Band, Pete Wernick, Bela Fleck
PlateselskapFlying Fish, Sugar Hill, Ridge Runner
Verka somMusikar, songar
PrisarAmericana Lifetime Achievement Award for Instrumentalist

Charles Samuel Bush (fødd 13. april 1952) er ein USA-amerikansk mandolinist som vert rekna som opphavet til musikksjangeren progressiv bluegrass. I 2020 vart han innlemma i International Bluegrass Music Hall of Fame som medlem av New Grass Revival.

I lag med gitaristen Wayne Stewart, mentoren og musikklæraren hans i tenåra, og banjospelaren Alan Munde spelte han inn eit instrumentalt album, Poor Richard's Almanac, i 1969.[1] Våren 1970 deltok Bush på Fiddlers Convention i Union Grove i Nord-Carolina , og vart inspirert av den rockedominerte progressive bluegrass-stilen til New Deal String Band.[2] Seinare det året flytta han til Louisville og vart med i Bluegrass Alliance. Hausten 1971 vart bandet oppløyst og kom saman att som New Grass Revival.[3]

The New Grass Revival hadde store utskiftingar i besetninga, med Bush som det einaste faste medlemmet. Bassisten og vokalisten John Cowan kom med i 1974, med banjovirtuosen Béla Fleck og den akustiske gitaristen Pat Flynn i 1981. Frå 1979 til 1981 turnerte gruppa med Leon Russell, og var opp på konsertane hans.[4]

Frå og med 1980 spelte Bush og Cowan ofte i lag i Duckbutter Blues Band. Bush spelte inn det første soloalbumet sitt, Late as Usual, fire år seinare. I 1989 spelte Bush og Fleck i lag med Mark O'Connor, Jerry Douglas og Edgar Meyer i bluegrassbandet Strength in NumbersTelluride Bluegrass Festival i Colorado. Då New Grass Revival vart oppløyst i 1989, byrja Bush å spele med Emmylou Harris sitt Nash Ramblers, for dei neste fem åra.

I 1995 arbeidde Bush ved sidan av Lyle Lovett og Bela Fleck sitt Flecktones. Han skipa sitt eige band, med Cowan og dei tidlegare Nash Ramblers-medlemmane Jon Randall og Larry Atamanuick, kort tid før han spelte inn det andre soloalbumet sitt, Glamour & Grits, i 1996. Han gav ut det neste albumet sitt, Howlin' at the Moon, i 1998, med mange av dei same musikarane og andre gjesteartistar, som Harris, Fleck og J.D. Crowe.

Bush har halde fram å gje ut soloalbum inn på 2000-talet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplasseringar Selskap
US Bluegrass US Country US Heat
1977 Together Again For The First Time (med Alan Munde) Ridge Runner
1985 Late as Usual Rounder
1996 Glamour & Grits Sugar Hill
1998 Howlin' at the Moon
2000 Ice Caps: Peaks of Telluride
2003 Hold On, We're Strummin' (med David Grisman) 7 Acoustic Disc
2004 King of My World 2 64 Sugar Hill
2006 Laps in Seven 2
2009 Circles Around Me 3 47
2016 Storyman 3

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

(Edgar Meyer & Joshua Bell med Sam Bush og Mike Marshall)
(med David Grisman, Ronnie McCoury, Jesse McReynolds, Ricky Skaggs, andre)

New Grass Revival[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fabian, Shelly. «Sam Bush: A King of Acoustic Music». Henta 26. oktober 2020. 
  2. Harris, Craig. «Sam Bush Biography». Allmusic.com. Henta 26. oktober 2020. 
  3. Hartman, Gary S (2008). «Bluegrass Alliance». Arkivert frå originalen 5. juli 2008. Henta 26. oktober 2020. 
  4. Nager, Larry (December 2009). «Sam Bush – Looking For That Joyful Noise». Bluegrass Unlimited (Warrenton, Virginia). ISSN 0006-5137. Henta 26. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sam Bush