Sandaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°56′24.112″N 10°46′13.361″E

Restauranten Nordpolen i den vesle bygningen til venstre har gjeve namn til plassen i framgrunnen. Fotografi frå om lag 1940.
Foto: Karl Harstad/Oslo Museum
Sandaker på eit bykart frå ikring 1900. Elva på kartet er Akerselva.

Sandaker er eit strok i Bydel Sagene i Oslo, mellom stroka Storo i aust og nordaust, Nydalen i nord, Bjølsen i vest og Torshov i sør. Her er det hovudsakleg bustadblokker, men òg litt industri og anna næringsverksemd, mellom anna Bjølsen Valsemølle. Tidlegare låg Lilleborg Fabriker i stroket, men er no erstatta av bustadblokker. I tidlegare tider var det òg anna industri, mellom anna ein tekstilfabrikk, og i 1840-åra eit steinbrot.

Området var innteke i Oslo by i 1878 etter at det hadde vekse fram ein liten forstad her. I 1902 vart det lagt trikkeline gjennom stroket og opp til Grefsen jarnbanestasjon, Grünerløkka-Torshov-lina, som går her den dag i dag. Kommunen bygde låge bustadblokker på Sandaker på 1920-talet.

Stroket har namn etter Sandaker gård, gnr. 78, som hadde tunet der bustadblokkene Sandakervegen 74 a og b og forretningsgarden 76 ligg no. Husa på garden vart rive på slutten av 1960-talet.

Kjøpesenteret Sandakersenteret vart bygd i 1976, og hyser ei avdeling av Deichmanske bibliotek og eit samfunnshus. Sandaker videregående skole var i bruk frå 1959 til 2011, då skulen vart flytta til Nydalen og fekk namnet Nydalen videregående skole. No har ei grunnskule med namnet Nordpolen tilhald i dei same lokala i Hans Nielsen Hauges gate 1.

Nordpolen har vorte eit stadnamn på Sandaker, nytta om plassen i krysset mellom Sandakerveien og Grefsenveien, som òg vert kalla Sandakerplassen. Namnet har sitt opphav i restauranten «Nordpolen» som låg i eit gamalt trehus i Sandakervegen 71, rive på slutten av 1950-talet[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oslo byleksikon, side 389

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sandaker