Nydalen videregående skole
Nydalen videregående skole | |
| |
Motto | Moderne - fleksibel - ambisiøs |
---|---|
Skuletype | Vidaregåande skule |
Grunnlagd | 22. august 2011 |
Kommune | Oslo |
Adresse | Nydalsveien 30C |
Rektor | Linn Siri Jensen |
Elevar | ca. 850 |
Tilsette | ca. 120 |
![]() Nydalen videregående skole |
Nydalen videregående skole er ein offentleg vidaregåande skule i Nydalen i bydelen Nordre Aker i Oslo, offisielt opna 22. august 2011 av ordførar i Oslo, Fabian Stang. Skulen har i dag omtrent 900 elevar som er fordelt på tre ulike studieretningar: helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og service og samferdsel. Der er 165 tilsette på skulen. Rektor er Linn Siri Jensen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Planlegginga av skulen byrja i 2007. Det norske selskapet Avantor, som er den store eigaren av grunn og bygningar i Nydalen, vart tildelt oppdraget å bygge skulen, og Link Arkitektur teikna bygget.
Skulebygget[endre | endre wikiteksten]
Skulebygget er på 14 175 kvadratmeter fordelt på seks etasjar, der to er under jordyta og fire over:
U2: Her finst det ein handballhall av internasjonal størrelse samt garderobar og eit toppmoderne styrkerom.
U1: Her finst det tribunar til hallen samt samlingsrom og eit auditorium som blir brukt ved til dømes elevråd.
Hovudetasjen: Her er det eit stort bibliotek som er kopla til bydelsbiblioteket (Deichmanske bibliotek) samt IKT-avdeling, informasjonsdisk, klasserom for programfag og ei stor elevkantine og lærarkantine. Kantina er drifta av Avantor.
1. etasje: Her held helse- og sosialfag til. Det gjer også elevane med særleg tilrettelegging grunna hørsels- eller annan funksjonshemming. Leiingen av skulen held også til i denne etasjen.
2. etasje: Her held studiespesialiserande gruppe til. Kvart trinn har sin eigen base med leseplassar. Det finst ei moderne realfagsavdeling som er mykje brukt av elevane ved skulen.
3. etasje: Her held samferdsle- og servicegruppene til og lærarane har kontora sine her. I etasjen er det takterrassar som blir brukt dagleg sommarstid av både elevar og lærarar.
Skulemotto[endre | endre wikiteksten]
Mottoet til skulen er «Moderne - fleksibel – ambisiøs»
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |