Ard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av ard med oksar som trekkdyr på ei rismark i India.
Arding med hest i Russland.

Ard (frå latin aratrum) er ein reiskap nytta til å smuldre opp jorda for å gjere åkeren klar til såing eller planting. I dei enklaste utgåvene er arden lagd heilt i tre og berre sett saman av ei trekkstong som i eine enden har ein spiss stong i høveleg vinkel for å kunne skjere seg ned i jorda og rive opp ei fure når reiskapen vert drege framover, og dessutan ei opprett styrestong for at arden kunne haldast i rett posisjon. Arden vart drege av trekkdyr som til dømes okse, ku eller hest, eventuelt av eit menneske, og er den eldste jordbruksreiskapen for trekkdyr som ein kjennar til, nytta i uminnelege tider mange stader i verda.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Utbyttbar skjerveks av jarn.

Arden er ein forløpar for kombinasjonen av plog og horv. I motsetnad til plogen, som vender jorda heilt for kvar fåre, løyser arden berre opp jorda, eventuelt vender jorda litt opp i ein rygg dersom arden vert pressa litt mot eine sida. For å få smuldra opp jorda mest mogleg, var det vanleg med såkalla krossarding, å arde heile åkeren i ei lei fyrst, og deretter på tvers eller på skrå i høve til dette. Krossardinga kunne gjerast fleire gongar på same stykket for å få smuldra jorda godt opp.

Ard i høve til plog[endre | endre wikiteksten]

Arden har under somme tilhøve føremoner som gjer han meir nyttig enn plogen, og er framleis viktigare enn plogen mange plassar i verda. Arden er til dømes vanlegvis ein lett reiskap som kan løftast eller gli over eller utanom stor stein i små og uregelmessige åkrar, og høver godt i småskalajordbruk. Det vert òg sagt at det i område med mykje turke er best at ein berre smuldrar jorda utan å venda henne. Eroderinga er òg større på jord som er vendt. Dessutan er arden ein universalreiskap som ein ikkje treng å kombinera med andre reiskapar, til dømes ei horv, for å få gjennomarbeida åkeren for såing. Dette er derimot naudsynt når det vert nytta plog. Med arden vart brakkmark og gamal åker broten opp og jorda smuldra, såkornet molda ned, ugraset reinska vekk og jorda gjort klar til ny såing neste sesong.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Opp gjennom tidene har det vore laga mange ulike ardar. Utføringa varierte med land, landsdel, tidsbolk, kva materiale som var tilgjengeleg og etter kven som stod for arbeidet.

Krokard[endre | endre wikiteksten]

Fransk krokard .

Krokard, òg kalla «totenard» og «knæ-al»[1], har ein ås forma som ein krok, som skjerveksen var festa til. Åsen vart sterkast om det vart nytta eit emne som var vokse i ein krok. Styret var ofte festa til åsen med tappar[1]. Det var ymse måtar å festa draget på. Ein type hadde ei jarnbøyle (ein «lekk») som skjækene vart festa til. Arbeidsdjupna vert regulert ved å flytta draget opp eller ned. Denne typen krokard vart ofte kalla ein «lekkard». Det vart òg nytta grindtrekk og då vart arden kalla «grindard», men denne typen må ikkje forveksalast med firesidig gringard, som òg vart kalla «grindard».

Utsjånaden kunne variera etter distrikt og kven som hadde laga arden. Somme plassar, som i Sogn, vart det nytta to typar krokard «fastard» og «såard»[1]. Fastarden var ein kraftig ard som vart nytta til å løysa opp jorda med, medan såarden var ein lettare type som vart nytta til å molda ned kornet etter såing.

Hedmarksard[endre | endre wikiteksten]

Hedmarksard.

Hedmarksarden, òg kalla «spa-ard» og «si-al»[1], hadde ein rett år som det vertikale styret var fellt inn i. Skjerveksen var festa til styret, så styret måtte vera solid. Arbeidsdjupna vart regulert ved å flytta festet til ei jarnstong som gjekk opp til åsen. I Sverige var denne typen kalla «Hälsingeård» eller «stångård».

Denne typen hadde grindtrekk, så skjækene og arden vart kopla tett saman. Dette gjorde at arden ikkje kunne røra seg fritt i høve til skjækene og han var difor ikkje like smidig som ein lekkard. Men etter som åkrane på Hedmarken var store var dette truleg ikkje eit problem.

Grindard[endre | endre wikiteksten]

Måleriet «På åkeren» av russaren Mikhail Klodt, 1871.

Grindarden har ein horisontal sole (læst) og drag og meir eller mindre vertikale tverrtre, der det bakre fungerer som styre. I traktene rundt Oslofjorden vart denne typen kalla «firesidig ard» og i Danmark «krok»[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arden har vore i bruk i rundt 5500 år[2] og er til dømes synt på veggmåleri i egyptiske gravkammer og på måleri frå antikkens Hellas. I antikken var trekkdyra oksar eller kyr.

I Norden har arden vore ein viktig reiskap heilt frå bronsealderen og enda lenger attende i tida, og gjorde framleis si nytte langt fram på 1900-talet. Plogen kom ikkje i bruk i Norden før i vikingtida, slik det går fram av funn av restar av plogskjer av jarn som menneske då hadde fått med seg i grava.

Både arkeologiske funn, bilete på helleristingar, og dessutan spor etter ard som har gått så djupt i molda på åkeren at det har vorte stripar av mørk mold i den ljosare undergrunnen, slik ein mellom anna har funne i grunnen under gravhaugar frå førhistorisk tid, vitnar om at arden har vore ein viktig reiskap i jordbruket i gamal tid.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Mann med okse og ard på helleristingane frå bronsealderen på Aspeberget i Tanum i Båhuslen.

Pløying med bogeard blir framstilt i helleristingsfeltet på Aspeberget i Tanum i Båhuslen. Ein reknar med at desse helleristingane frå bronsealderen viser grøderituale.[3]

Kommunevåpenet til Stange kommune i Hedmark viser ein ard.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Olsen, S.M., Hesteredskap i norsk jordbruk, Landbruksforlaget, 2005.
  2. Schlipf, J.A. og Zimmermann, M., Praktisches Handbuch der Landwirtschaft, 32. utg., Verlag Paul Parey, 1958.
  3. «Aspeberget – Det hellige Bjerg» Arkivert 2014-11-01 ved Wayback Machine., vastsverige.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Trochet, J.-R-., Catalogue des collections agricoles araires et autres instruments aratoires attelés symétriques, Ministère de la Culture et de la Communication, 1987. Detaljert skildring av regionale variantar av arden i Frankrike.