Gurskøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gurskøy)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gurskøya
Geografi
Norway - Gurskøy.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°14′N 05°44′EKoordinatar: 62°14′N 05°44′E

Areal 139,6 km²

Høgaste punkt Hestefjellet (621 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Største busetnad Larsnes (490 innb.)

Gurskøya er ei øy i Herøy og Sande kommune i Møre og Romsdal. Arealet er 136,9 km². Sande utgjer den sørlege og vestlege halvdelen av øya, medan Herøy utgjer den nordlege og austlege halvdelen.

Hallefjorden og Rovdefjorden ligg på sørsida av øya. I nord ligg Herøy, Nerlandsøya og Herøyfjorden, medan Hareidlandet ligg i aust. I vest ligg Sandsøya.

Det går bru over Dragsund mot Hareidlandet. Herøybrua er samband nordover til resten av Herøy kommune.

Fylkesveg 654 går frå Dragsundbrua, via Dragsund og Tjørvåg til Herøybrua. Fylkesveg 61 går saman med fylkesveg 654 eit par km frå Dragsundbrua, og tar så av og går over øya, via Leikong og Gursken til Larsnes og ferjestaden Årvik. Rett før Herøybrua, ved Raftenes tar Fylkesveg 10 i Møre og Romsdal av og går på nord- og vestsida av øya via Moltustranda og Gjerdsvika til kryss med fylkesveg 61 i Gursken.

Tettstadane Larsnes i Sande kommune (521 innbyggjarar 1.1.2009) og Moltustranda (358) og Tjørvåg (350) i Herøy kommune er dei største bygdene på Gurskøya. Gjerdsvika og Gursken i Sande, og Leikong, Moltustranda og Dragsund/Myrvåg i Herøy er dei andre største bygdene på øya.

Det ligg tre kyrkjer på Gurskøya: Leikanger kyrkje og Indre Herøy kyrkje i Herøy kommune, og Gursken kyrkje i Sande kommune.