Hopp til innhald

Santamartaflorkrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santamartaflorkrone
Santamartaflorkrone
Santamartaflorkrone
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av santamartaflorkrone
Utbreiinga av santamartaflorkrone
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini
Slekt: Anthocephala
Art: Santamartaflorkrone A. floriceps
Vitskapleg namn
Anthocephala floriceps

Santamartaflorkrone (Anthocephala floriceps) er ein sårbar kolibriart i underfamilien Lesbiinae. Saman med den nyleg anerkjente utsplitta arten tolimaflorkrone, Anthocephala berlepschi, utgjer dei slekta Anthocephala. Han er endemisk for Colombia der han har utbreiing i eit lite leveområde i Sierra Nevada de Santa Marta.

Santamartaflorkrone måler 8,4 cm i kroppslengd, og har grønleg overside som slår over i oransje mot overgumpen, undersida er gråbrun og vengene mørke. Dei har ein liten, kvit panneflekk og raudleg krone, meir brun hos hofuglar. Halen er rektangulært forma, og syner ein lys tupp på halefjørene. Nebbet er svart og rettpeikande.

Habitatet er i våte og tørrare eldre gjenvekste skogar i høgder mellom 600 og 1700 moh. i Sierra Nevada de Santa Marta. Dei søkjer føde på blomar relativt lågt i undervegetasjonen.

Storleiken på populasjonen for slekta Anthocephala er estimert til ein stad mellom 2500 og 10 000 individ, og er trudd å minke langsamt grunna tap av habitat.

Systerarten tolimaflorkrone har eit større leveområdet mellom 1200 og 2300 moh. i sentrale Andes innanfor tre departement, Quindío, Tolima og Huila.

Referansar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Santamartaflorkrone