Santamartasabelveng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartasabelveng
Monografi av John Gold og William Matthew Hart, 1880[1]
Monografi av John Gold og William Matthew Hart, 1880[1]
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av Santamartasabelveng
Utbreiinga av Santamartasabelveng
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Slekt: Campylopterus
Art: Santamartasabelveng C. phainopeplus
Vitskapleg namn
Campylopterus phainopeplus

Santamartasabelveng (Campylopterus phainopeplus) er ein stor kolibri som er endemisk til Sierra Nevada de Santa Marta i det søramerikanske landet Colombia. Arten er klassifisert som kritisk truga av IUCN.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Santamartasabelvengen får ei lengd på ca. 13 centimeter. Det kraftige 25 millimeter lange nebbet er svakt nedbøygd. Hannen er overvegande grøn: krona er grøn og han er glitrande grøn frå nakken og bakover oversida. Halsen og brystet er glinsande blå. Den rektangulærforma halen er stålblå til svart. Nebbet er svart. Hofuglen skil seg frå hannen med litt mattare kinn, og undersida er gråkvit med grøne flekker på sidene. Den grøne halen har nokre grå flekker.

Kolibrien lever i fuktige skogbryn og i skuggefulle plantasjar. Blant dei plantasjane han føretrekker er bananplantasjar på dei sørlege skråningane til Sierra Nevada de Santa Marta i San Sebastián de Buenavista. Han lever i høgder mellom 1200 og 4800 meter over havet, og han gjer vertikale trekk slik at i den tørre årstida frå februar til mai helst finst på 1200-1800 meter. I den fuktigare sesongen frå juni til oktober kan du sjå han i dei største høgdene med det typiske páramo-økosystemet opp til snøgrensa. På dei nordlege skråningane finst han berre på den austlege enden av det øvre løpet av Rio Macotama.

Fuglen beitar vanlegvis åleine i låge til middels høge nivå av vekstane han et av. Når han et nektar skjer det i skuggefulle og delvis opne område. Når han syng, sit han som regel på høge, synlege greiner. Han hekkar i perioden frå april til juni.

Ettersom berre 15 % av den opphavlege vegetasjonen i Sierra Nevada de Santa Marta står att, er det naturlege habitatet til arten trudd å vere truga. Det største trugsmålet kjem frå ulovleg dyrking av marihuana og kokain. Men tidlegare har òg dyrking av kaffi og bananar sidan 1950 hatt negative effektar på økosystemet. Hekkeområda til denne fuglen er i mykje mindre gjestfrie område og er soleis mindre utsette for trugsmål. Populasjonen er estimert til under 10 000 individ.[2]

Det første kjente fotografi av eit levande eksemplar av arten er frå den 24. mars 2010.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Ved Internet Archive
  2. BirdLife International (2015)
  3. ProAves First ever photo of Endangered Santa Marta Sabrewing (eng.) Henta 4. juli 2015