Santamartasmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartasmett

Status i verda: CR Kritisk truga

 Santamartasmett 
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Troglodytidae
Slekt: Troglodytes
Art: T. monticola
Namn på andre språk
  • Engelsk: Santa Marta Wren
  • Vitskapleg namn
    Troglodytes monticola
    Bangs, 1899

    Santamartasmett (Troglodytes monticola) er ein kritisk truga fugleart i gjerdesmettfamilien. Han er endemisk til Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Santamartasmetten deler den typiske 'smettforma' med slektningen gjerdesmetten, men er litt større, ca. 11,5 centimeter. I hovudsak er dette ein brun til raudbrun uroleg liten fugl med mørke tverrstriper over heile bakkroppen, inkludert halen. Augestripa er lysebrun. Buken er lys, undergumpen kvit med mørke tverrstriper.[1]

    Denne smetten har habitat i utkanten av elfinskog og i páramo-økosystem, mellom 3200 og 4800 moh. i sentrale Sierra Nevada de Santa Marta. Her er han særs lite observert. Ein trur det er færre enn 370 gjenlevande individ og populasjonen er minkande.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Kroodsma et al (2015)
    2. BirdLife International (2015)