Santamartatyrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Santamartatyrann
Illustrasjon av George Miksch Sutton, 1922
Illustrasjon av George Miksch Sutton, 1922
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tyrannfamilien Tyrannidae
Slekt: Myiotheretes
Art: Santamartatyrann M. pernix
Vitskapleg namn
Myiotheretes pernix

Santamartatyrann (Myiotheretes pernix) er ein fugl i tyrannfamilien som er endemisk til Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Santamartatyrannen er ein stor tyrann på ca. 21 centimeter. Han har ei fjørdrakt med kjedeleg brunleg overside og rustfarga underside. Brystområdet er olivenfarga med streker, strupen kvit med mørke streker. Han har ei kvit stripe frå den øvre nebbrota til oversiden av auget. Halen er svart.

Han lever i utkanten av eller inne i skog i små område på nordlege skråningar av Sierra Nevada de Santa Marta, 2100 til 2900 moh. Føda er insekt.

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 1000 og 2 500 individ og er trudd å vere minkande. Trugsmåla er styresmakta si sprøying av ugrasmiddel frå fly, utviding av jordbruksområde, skogfelling og nedbrenning av vegetasjon etterfølgt av planting av framande artar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Santamartatyrann