Sara Nordenstam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sara Nordenstam (fødd 28. februar 1983) er ein norsk symjar fødd i Lycksele i Sverige.

Sara Nordenstam flytta med familien til Noreg då ho var ti år, og fekk sidan norsk statsborgarskap. I Aftenposten 16.8.08 skriv Mette Bugge at ho vart norsk statsborgar i 1994, i same artikkel står det med NTB, Olympiatoppen, som kjelde at ho vart norsk statsborgar for fire år sidan (dvs i 2004)</ref> Ho tevlar for Lambertseter Svømmeklubb der ho òg har ein administrativ jobb. Nordenstam har studert i USA i fire år, med faga reklame og marknadsføring. Ho har to bachelorgradar. Ho er busett på Lambertseter, Oslo, og er ugift.

Sara Nordenstam tok bronsjemedalje med ny europarekord på 2.23.02 og på 200 meter bryst under Sommar-OL 2008 i Bejing.

Meisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]

Olympiske leikar
Medalje Tevling År Stad
Bronsje 200 m bryst Sommar-OL 2008 Kina Beijing

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Bronsje på 200 m bryst i Sommar-OL 2008
  • Fire fjerdeplassar fra EM
  • Seksten NM-gull
  • Tretten NM-sølv
  • Åtte NM-bronsar
  • To kongepokalar (2004, 2008)
  • Finale i VM i Moskva 2000
  • To EM-sølv som junior

Noregsrekordar[endre | endre wikiteksten]

Tevling Resultat Stad Dato
200 m bryst 2.23.02 Beijing, Kina 15. august 2008
200 m IM 2:17.36 Barcelona, Spania 11. juni 2008
400 m IM 4:40.28 Beijing, Kina 9. august 2008

Referansar[endre | endre wikiteksten]