Sean Astin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sean Astin
Sean Astin 2 SDCC 2014.jpg
Fødd 25. februar 1971
Santa Monica
Yrke skodespelar, filmregissør, filmprodusent, stemmeskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, modell
Sean Astin på Commons
Sean Astin held føredrag ved Universitetet i Illinois, november 2009.
Foto: Daniel Schwen.

Sean Patrick Astin, fødenamn: Sean Patrick Duke (fødd 25. februar 1971 i Santa Monica i California) er ein USA-amerikansk skodespelar. Han er best kjend i rolla som Samvis Gamgod i Peter Jackson si filmatisering av Ringdrotten av J.R.R. Tolkien.

Sean Astin har studert ved Stella Adler-konservatoriet i Los Angeles. I tillegg har han studert historie og engelsk ved University of California, Los Angeles, UCLA.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

13 år gamal filmdebuterte Sean Astin i The Goonies (1985) i rolla som Mikey Walsh. Deretter vart det fleire filmroller på Astin i løpet av 80- og 90-talet, m.a. i White Water Summer (1987), The War of the Roses (1989), Memphis Belle (1990), Toy Soldiers (1991), Encino Man (1992), Rudy (1993) og Tapperhet i strid (1996).

I 2001, 2002 og 2003 kom dei tre Ringdrotten-filmane ut der Sean Astin hadde rolla som Samvis Gamgod, eller berre Sam, ein hobbit som hjelper Frodo Lommelun (Elijah Wood) på ferda mot landet Mordor med Ringen. Astin vann fleire utmerkingar for skodespelarprestasjonen sin i den tredje filmen, Ringenes herre: Atter en konge, m.a. ein Saturn Award for beste mannlege skodespelar i ei birolle. Elles fekk han fleire utmerkingar frå ulike filmkritikarlag i USA for denne filmen.

Etter Ringdrotten har Sean Astin for det meste spelt i mindre produksjonar, men av større spelefilmar kan nemnast ei rolle i Click (2006) med Adam Sandler. Astin er også ein aktiv stemmeskodespelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]