Sein trias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sein trias (òg kalla øvre trias eller keuper) er den tredje og siste epoken i trias. Han strekkjer seg frå mellom 228 ± 2 millionar år sidan og 199,6 ± 0,6 millionar år sidan. Sein trias er delt inn aldrane carnium, norium og rhaetium.

Mange av dei første dinosaurane utvikla seg i sein trias, som plateosaurus, coelophysis og eoraptor.

Frambrot[endre | endre wikiteksten]

Frambrot frå sein trias finst i Schwaben, Franken, Alsace og Lorraine og Luxembourg, og strekkjer seg frå Basel på austsida av Rhinen til Hannover og vidare til England, Skottland og nordaustlege delar av Irland. I tillegg ser det ut til å ligge på sida av Massif Central i Frankrike og Pyreneane og Sardinia.

Funn frå rhaetikum er funne sør i Sverige, der dei nedre delane inneheld drivverdig kol, i Himalaya, Japan, Tibet, Burma, aust i Sibir og på Spitsbergen. Den øvre delen av Karroo-laget i Sør-Afrika og delar av Otapiri-laga på New Zealand er truleg frå rhaetikum.

Fossil[endre | endre wikiteksten]

Keuper er ikkje rik på fossil og dei viktigaste plantene er sypress-liknande bartre (Walchia, Voltzia) og eit par kalamittar med former som equisetum arenaceum og pterophyllum jaegeri, avicula contorta, protocardium rhaeticum, terebratula gregaria, myophoria costata, M. goldfassi og lingula tenuessima, anoplophoria lettica av virvellause dyr. Av fisk finn ein ceratodus, hybodus og øepidotus.

Panserpadder har ein funne fotspor etter kalla cheirotherium og bein kalla labyrinthodon, mastodonsaurus og capitosaurus. Av krypdyr er hyperodapedon, palaeosaurus, zanclodon, nothosaurus og belodon. Dei første fossila av pattedyr dukkar òg opp i denne perioden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Trias
Nedre/tidleg trias Mellomtrias Øvre/sein trias
Indusium | Olenekium Anisium | Ladinium Carnium | Norium
Rhaetium