Sengetøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sengetøy til sals i Bisjkek.

Sengetøy eller sengeklede er ulike tekstila ein nyttar til å reia opp senger, som laken, dynetrekk, putevar[1] og sengeteppe. Utstyr som sengeforheng og myggnetting kan også vera del av sengetøyet. Ulike delar sengetøy som passar saman i farge og mønster blir kalla sengesett.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av fødsleen til Ludvig VIII av Frankrike, i ei himmelseng med puter og sengeteppe.

Historiske former for sengetøy er å ligga på skinnfell eller sengehalm med puter av semska skinn fylte med dun og reinsdyrhår, med dyner av skinnfellar eller ryer med flossida vend ned mot senga. Omgrep som «sengehalm» finst framleis som uttrykk for ei seng.[3]

Kvite lintøylaken med blonder og broderi er kjende frå slutten av 1500-talet. Sengetøy spelte ei viktig rolle for sosial status på den tida då den kvinna si medgift i tekstilar var av viktig økonomisk verdi. Når sengehalmen og fellar til å ligga på blei erstatta rundt 1700-talet med stoppa madrassar og puter blei det òg utvikla lintøy for senger.

Oppå senga kunne ein ha pryddekke av finare fellar eller ryer, og frå slutten av 1800-talet kvite sengeteppe. I finare heimar fanst himmelsenger og sengeforheng.

I 1949 blei det innført ein sengestandard, og i siste halvdelen av hundreåret fekk sengetøy dagens utforming. Skumplast erstatta materiale som vatt og sjoddi som fyll, og sengeteppe blei bytta ut med dynetrekk i standardiserte storleikar med fargar og mønster.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • G Hedlund, Dräkt och kvinnlig slöjd i Ovansjö socken 1750-1850 (1951).
  • Gertrud Grenander Nyberg, Lanthemmens prydnadssöm (1983)
  • E von Walterstorff, "Bondens bädd" i Svenska kulturbilder 4 (1931)
  1. «sengeklede» i Nynorskordboka.
  2. «sengesett - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 27. januar 2020 
  3. «sengehalm - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 27. januar 2020