Sennepslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sennepslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Brassiceae
Slekt: Sennepslekta Sinapis
L., 1753

Sennepslekta (Sinapis) er ei slekt i krossblomfamilien. Slekta er utbreidd i Nord-Afrika, Vest-Asia (til og med Pakistan), Kaukasus og Europa. Dei er oftast eittårige, eller meir sjeldan fleirårige, urteaktige plantar med ein opprett, buska vekst. Blada er skruestilte, heile eller samansette med bukta til fjørsnittdelt rand. Blomstrane er samla i lause, opprette standar på enden av kvar stengelforgreining. Dei einskilde blomstrane er regelmessige og firetalige med gule kronblad. Fruktene er skulper som opnast med to klappar og inneheld to til tjue frø. Frøa er oljehaldige og beheld spireevna særs lenge (meir enn 40 år).

Mat[endre | endre wikiteksten]

Heile sennepsfrø, oppmalne frø og ulike sortar bordssennep.

Av frøa på somme artar blir det laga ein kryddersaus, kjent som sennep. Sjølv om desse vekstane stammar frå middelhavslanda, blir dei dyrka i andre europeiske land, mellom anna i Sverige, og i USA og Canada.

Blada blir i mange kulturar nytta i matlaging, mellom anna innan indisk matlaging.

Det er ein av variantane av «horta» eller grønt kjent som «vrouves» i gresk kjøkken, kokt og servert med olivenolje og sitron.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Svartsennep og sareptasennep er ikkje Sinapis-artar, men høyrer til kålslekta (Brassica) og har dei vitskaplege namna Brassica nigra respektivt Brassica juncea.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Sinapis