Serenade nr. 4 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serenade nr. 4
K. 203
Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart
Sjanger Orkestermusikk
Periode Wienerklassisismen
Komponert August 1774
Typisk lengd 34:40
Satsar 7
Count Hieronymus von Colloredo, som K. 203 er kalla opp etter.

Serenade nr. 4 i D-dur, K. 203/189ba vart skriven i august 1774 av Wolfgang Amadeus Mozart for seremoniar ved Universitetet i Salzburg.[1] Han har kallenamnet Colloredo etter vernaren til Mozart, grev Hieronymus von Colloredo. Verket er særs likt K. 204-serenaden komponert for Salzburg sommaren etter.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Serenade er instrumentert for to oboar (dobla av fløyter), fagott, to horn, to trompetar og strykarar. Verket har sju satsar:

  1. Andante maestoso - Allegro assai
  2. [Andante]
  3. Menuetto
  4. [Allegro]
  5. Menuetto
  6. [Andante]
  7. Menuetto
  8. Prestissimo

Marsj i D, K. 237/189c, vart nytta som introduksjon eller avslutning for dette verket.[1]

Den andre, tredje og fjerde satsen har alle ein dominerande solofiolin, slik at ein har ein fiolinkonsert på tre satsar inne i serenaden.

Som med dei fleste av orkesterserenadane hans, vart det arrangert ein symfoni av delar av serenaden. «Serenadesymfonien» for dette verket bestod av sats ein, seks, sju og åtte.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zaslaw, Neil, The Compleat Mozart: a Guide to the Musical Works, s. 233-234 (New York, 1990) ISBN 0-393-02886-0
  2. Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), pp. 340-341 (2002).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]